• For oss her i Årdal vil ei utsetjing i to år vere kritisk, kommenterer kjemisk-tillitsvald i Årdal, Odd Arne Fodnes.

Fodnes likar ikkje signala som Hydro-leiinga i går gav ordførarane i dei to sognekommunane.

— Dette er dårlege signal. Vi hadde håpa på klarsignal om modernisering neste år. Ei utsetjing i to år, vil gje oss temmeleg dårleg tid, seier Fodnes.

Onsdag skal dei kjemisk-tillitsvalde frå alle aluminiumverka møte Hydro-leiinga. Der skal det orienterast om strategiplanen som skal vedtakast no i haust.

— Det overraskar meg at dei har vore så konkrete, seier Fodnes.

Dei tillitsvalde i Årdal og Høyanger har lenge sett med uro på det dei oppfattar som liten vilje i Hydro-leiinga til å satse på utvikle aluminiumindustrien i Norge. Så seint som for ein månad sidan gjekk representantar for dei tillitsvalde ut i Bergens Tidende med at dei fryktar at Årdal og Høyanger ikkje er med framtidsplanane i konsernet. Bakgrunnen er strategiplanen for aluminiumverksemda i konsernet som skal spikrast i haust.

Dei tillitsvalde undrar seg mellom anna over at moderniseringsprosjekt som Hydro-leiinga sjølve har karakterisert som lønsame, stadig blir utsette. No har det kome ei ny utsetjing.

— Det som er heilt klart er at får vi ikkje ei erstatning for den gamle Søderberg-teknologien, har vi ikkje noko framtid innan Hydro-konsernet. Det ser eg på som eit klart signal om at Hydro vil køyre verka så langt det går, og fase ut produksjonen over tid.