— Vi hadde eit greitt møte. Men for å seie det slik, vi blei einige om å vere ueinige, seier Erling Stadheim, Ap-ordførar i Vik.

Bakgrunnen for møtet på Leikanger var å prøve å få til ei løysing for å unngå kampvotering mellom indresogningane Knut O. Aarethun og Tor Bremer på nominasjonsmøtet 30. november. Dette skal vere tredje gongen i haust at kommunelaga i Indre Sogn prøver å einast om ein førstekandidat på fylkesvallista, utan å lykkast.

Svært uheldig

Kampen om topplassen er i ferd med å skape sterk strid i fylkespartiet. Fleire sentrale aktørar nøler ikkje med å karakterisere ei kampvotering som svært uheldig. Ein av nestorane i partiet, Malvin Moen, leiar i Luster Ap seier det slik:

— Ein slik situasjon er aldri heldig for eit parti. Det beste ville vore om vi kunne komme fram til ei løysing før nominasjonsmøtet.

Vik-ordførar Erling Stadheim delar Moens syn:

— Mitt utgangspunkt har vore at vi ikkje burde ha ein personstrid på toppen i fylkespartiet. På sentralt hald har vi opplevd dette fleire gonger dei siste åra. Eg er ikkje i tvil om at dette er noko av grunnen til at vi taper terreng.

- Forkasteleg

Leiaren av Leikanger Ap, Ivar Fykse, meiner det er heilt forkasteleg at Aarethun og Bremer blir sett opp mot kvarandre.

— Vi burde greidd å halde oss vekke frå den personstriden som har ridd partiet som ei mare på sentralt hald.

Likevel ser det ikkje ut til at det kjem til å bli gjort noko forsøk på å få ein av kandidatane til å trekkje seg.

— Nei, eg trur ikkje det vil skje. I alle fall ikkje før på sjølve nominasjonsmøtet, seier Fykse.

Fleirtal for Bremer

Etter andre runde av nominasjonen har fylkesleiar Tor Bremer tilslutnad frå 13 kommuneparti. Ni støttar tidlegare fylkesordførar Knut O. Aarethun, og fire vil ha Hyllestad-ordførar Harry Mowatt. Han er dermed truleg ute av dansen.

Men støtta frå kommunepartia fortel lite om korleis det vil gå på nominasjonsmøtet. Kvart kommuneparti har nemleg utsendingar etter stemmetal ved fylkestingsvalet i 1999. Fleire store partilag støttar Aarethun, mellom dei Årdal, som med åtte utsendingar er klart størst.

Likevel har Bremer ei knapp leiing. Mellom anna fordi dei fire kommunepartia med Mowatt på topp, truleg vil støtte Bremer på nominasjonsmøtet. Men det som ytterlegare problematiserer bildet er at fleire partilag signaliserer at dei ikkje har låst seg, og er villige til å forhandle.