Drygt 30 personar møtte opp til minnestund på Bergum mottakssenter for mor og son torsdag ettermiddag. På minnestunda utspelte det seg sterke scener. Fleire gret ope, og det kom også kritikk mot UDI og leiinga ved mottaket.

— Det er ein tragedie at slikt skal skje. Vi held utlendingsstyremaktene og leiinga ved mottaket ansvarlege, sa asylsøkjarane Shahab Shamloo og Tayyeh Hoshyav.

Nokre timar før minnestunda hadde politiet gjort kjent at dei meiner kvinna sjølv starta brannen i Mølletunet, ein av bygningane mottaket disponerer i Førde.— Det som har skjedd har gjort eit veldig sterkt inntrykk. Dei som bur her er frustrerte, og det er naturleg at den frustrasjonen kjem fram, seier Bente Dalaker ved mottaket.

- Vi har berre gode minne frå mor

På eit bord står eit bilete av mor og son, ei vakker ung kvinne og hennar 20 månader gamle barn. Tre lys er kveikte. Ein kondolanseprotokoll er lagt fram. Sakte fyllest lokalet med asylsøkjarar frå fleire verdshjørne og tilsette.

— Vi ønskjer å gje uttrykk for vår medkjensle, først og fremst med far. Vi har berre gode minne frå mor og barn for tida på mottaket, seier Andrew Hawkes til dei frammøtte.

Etter at det er gitt litt informasjon, tek Tayyeh Hoshyav ordet. Han er kurdisk asylsøkjar frå Iran, har vore i landet i fire år, men seier han no har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve. Han kritiserer styremaktene og meiner handtering av flyktningesaker er medverkande årsak til den tragiske hendinga. Også leiinga ved mottaket får kritikk for manglande oppfølging.

Ifølgje Bente Dalaker hadde ikkje mottaket nokon indikasjonar på at den unge kvinna var deprimert.

— Vi har alltid eit spesielt auge til barnefamiliar. Det blei også gjort i dette tilfellet. Vi fekk ingen varsel verken frå eigne tilsette eller asylsøkjarar ved mottaket, seier Dalaker.

Etter det bt.no forstår har den avdøde kvinna nyleg fått avslag på søknaden om opphaldsløyve, men vedtaket er påklaga og dermed ikkje endeleg.

Kriseteamet

Det er kommunehelsetenesta i Førde som har ansvar for helsetilbodet til asylsøkjarane. Kommunen har ein sjukepleiar i 70 prosent stilling ved mottaket. Mellom dei 6,5 stillinga som deriv mottaket for 145 asylsøkjarar er også ein sosialarbeidar.

- Er dette nok til å halde oppsyn med helsetilstanden og vise asylsøkjarane vidare i det offentlege helsevesenet?

— Vi meiner vi til kvar tid har eit bra oversyn, seier Dalaker.

Sidan brannen har det kommunale kriseteamet vore i sving. Dei vil også vere engasjerte i tida framover.

bt.no var i dag i kontakt med Utlendingsnemnda, men dei viste til at dei ikkje kan kommentere kritikken.

Informasjonssjef Bjørn Lyster i UNE viser til taushetsplikt, men sender følgende uttalelse til bt.no:

«Hun hadde inne enomgjøringsanmodning hos UNE, som vi fikkinn nå11.januar ogsom våre folk allerede hadde begynt å se på, men ikke rukket å besvare. Hunkunne derfor ikke vite om hun ville fått oppholdstillatelse eller ikke ut fraargumentene i omgjøringsanmodningen. Det lå dessuten nye omstendigheter inne iden omgjøringsanmodningen, som ikke var inne i saken forrige gang UNE behandletden.»

Frå halv sju i kveld er det open kyrkje i Førde. Den 20 månader gamle guten blir gravlagt i Førde i morgon.

KRITISKE: Shabab Shamloo (til v.) og Tayyeh Hoshyav framførte kritikk mot dei som sit med ansvaret for den norske utlendingspolitikken.
TERJE ULVEDAL