• Dette var ein tankevekkjar. Det seier Magnhild Meltveit Kleppa. (Sp), som i si tid som sosialminister fekk oppgåva med å setja i verk eldreplanen.

Eldreplanen vart sett i verk i 1997 etter at regjeringa Jagland hadde fått han vedteke tidlegare på året.

Ei forskingsrapport frå Rokkan-senteret i Bergen som BT skreiv om i går, konkluderer med at handlingsplanen var feilslått. Dei eldre synest levekåra deira er vortne verre etter planen vart set ut i livet.

Ikkje etterpåklok

— Eg vil ikkje vera etterpåklok, seier stortingsrepresentanten som i dag er leiar av kommunalkomiteen. – Men våren 1998 foreslo eg at vi burde ta oss litt betre tid til å få gjennomføra planen. Eg ønskte meir rom til at kommunane kunne finna lokale løysingar til å finna dei rette omsorgstilboda. Eg var i stuss om det var rett at eldrereforma skulle leggja så stor vekt om butilboda. Eg ønskt at vi også måtte sikre oss at kvaliteten omsorga vart god nok for brukarane. Eg måtte tola mykje kjeft i Stortinget for dette framlegget, og vi fekk ikkje opposisjonspartia med oss, seier Meltveit Klepp i dag.

Likevel er ho ikkje i tvil om at det var rett å setja i verk eldreplanen.

— Vi hadde behov for å få bygd ut og få rehabilitert sjukeheimane våre. Mange var i dårleg stand. Og vi hadde behov for fleire einerom. Det er eit løft som vi enno ikkje har fått fullført fullt ut. Men ho synest undersøkinga er ein tankevekkjar.

Påminning

— Det er også ei påminning til oss alle om at når det kjem til stykket betyr nok omtanken for dei eldre meir enn fargen dei har på veggene på rommet.

Meltveit Kleppa peikar på at Bondevik-regjeringa i år 2000 la fram ei melding for Stortinget der det vart peika på tiltak som skulle heva kvaliteten på omsorga.

Som opposisjonspolitikar nyttar også Meltveit Kleppa høve til å understreka kor viktig det er at kommunane no får ressursar nok til å ta prioritera omsorga for dei eldre.

— Slik det er no, strekkjer ikkje midlane til slik at kommunane kan gje brukarane av heime- og sjukeheimstenester det tilbodet dei har krav på.