Camilla Myren (15) omkom og tre ungdommar blei skadde i ei trafikkulykke rett aust for Stryn sentrum søndag kveld.

Les også: Omkom i bilulykke

Det var fire ungdommar i ulykkesbilen av typen BMW. Myren blei erklært død på staden, medan dei andre vart frakta til sjukehus.

Føraren av bilen er ein gut på 18 år, medan dei tre passasjerane var jenter på 15 år. Alle jentene er heimehøyrande i Stryn, medan guten er frå ein kommune i Sunnfjord.

– Ulykka pregar lokalsamfunnet veldig, lensmann i Stryn Inger Lill Lanes.

Dei tre jentene soknar til den same ungdomsskulen i Olden. Klokka 10 måndag føremiddag var det minnesamling på skulen. Eit kriseteam frå Stryn kommune skal følgje opp eleveane.

Til ulykkesstaden

— Dette er ein stor tragedie for skulen og nærmiljø. Det er eit lite samfunn der alle kjenner alle, seier rektor Reidar Bruland ved Olden skule.

Skulen har nettopp avslutta ei minnestund for jenta, der elevar og føresette deltok.

— Det var ei samlingsstund med kort orientering om det som har skjedd, samt lystenning, fortel Bruland.

Ungdomsskuleelevane får no tilbod om å reise på ulykkesstaden.

— Dei som ønskjer det skal dit no. Politi, prest og kriseteam er med, fortel Bruland.

Kom seg ut på eiga hand

Jenta som omkom blei slengt ut av bilen.

– Bilen kom austfrå i retning Stryn, då føraren mista kontrollen på bilen i ein svak venstresving. Bilen køyrde på jordet, gjekk rundt og langt før den stansa. Den fekk hard medfart, seier Lanes.

Det er uklart om ungdommane brukte bilbelte.

– Dei som var på staden sa at bilen var så skadd at dei hadde problem med å sjå kva type bil det var, seier Lanes.

Ungdommane klarte å kome seg ut av bilen med eiga hjelp.

Beslag av førarkort

Lanes opplyser at førarkortet til 18-åringen rutinemessig er beslaglagt. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, men det er rutinemessig tatt blodprøve av føraren.

Politiet vil i dag innhente vitneforklaringar og observasjonar frå folk som var i nærleiken då ulukka skjedde. Etter kvart vil dei også avhøyre dei involverte.

To av ungdommane blei frakta til Ålesund sjukehus, medan ei jente vart frakta til Førde sentralsjukehus. Situasjonen skal ikkje vere livstrugande for nokon av desse.

UTFORKØYRING: Camilla Myren (15) omkom og tre andre ungdommar blei skadde i ulykka.
JAN IVAR VIK