Tidlegare handels— og sjøfartsminister Grete Knudsen avduka «Sleipner»-skulpturen som biletkunstnar Arne Mæland har laga på oppdrag frå Støttegruppa etter «Sleipner»-ulukka.

— Dette må ikkje bli ein stad for å pleia dårleg samvit for ting de ikkje fekk ordna opp i. Det må bli ein plass for gode minne og tankar som det blir godt å koma til. Om sorga er like djup og tung i dag, betyr det noko å ha denne staden, sa Grete Knudsen.

Tett saman på minnestaden

Om lag hundre personar var møtt fram til søndagens avduking på Ryvarden, som kunne by på opphaldsvêr akkurat medan arrangementet fann stad. Etterlatne og overlevande stod tett saman på minnestaden hundre meter innforbi fyrhuset. Dit er også minnesteinen som blei avduka av Grete Knudsen i fjor flytte.

Rutelaget HSD var representert ved blant andre direktør Per Atle Tellnes i HSD Sjø og maskinist Leiv Sørbø, som overlevde «Sleipner»-ulukka.

MINNESTAD: Med novemberuvêret og Bloksene som kulisse blei minneskulpturen «Flokken ingen nådde ut til» søndag avduka på Ryvarden fyr.
Foto: Roar Christiansen