ØRJAN HATTEBERG

— Ein katastrofe for oss, seier Johnny Skålvik, leiar i stiftinga bak Langøy Kystkultursenter.

Dag Sekkingstad og kona var på veg heim til Algrøy søndag kveld då dei oppdaga at det brann i Kystkultursenteret på Langøy. Dei varsla brannvesenet og starta å sløkjja brannen med det dei hadde.

— Det brann oppover hjørna på naustet. Eg kunne sjå det brenna mellom bordkledninga og tømmerstokkane innafor. Vi fekk hjelp av to ungdommar som kom til. Ved hjelp av ein hageslange og nokre bøtter prøvde vi å sløkkja så best vi kunne. Vi fekk også berga ut nokre bensinkanner som stod inne i naustet, fortel ein søkkvåt Sekkingstad til BT.

Starta i bosspann

Vakthavande brannsjef Nils Anders Meland ved Sotra brannvern fortel at den iherdige innsatsen frå dei som kom først fram hindra at brannen fekk alvorlegare følgjer. Brannen stod like i taket då brannvesenet kom fram, men dei fekk relativt raskt sløkt brannen. Naustet har fått brannskadar oppover langs det eine hjørnet heilt frå bakken og opp i mønet.

— Det stod eit utbrent bosspann utanfor naustet like ved der brannen starta. Det er tydeleg at brannen starta i dette bosspannet , men vi veit ikkje noko om kvifor bosspannet tok til å brenna, seier Meland.

Tungt for kultursenteret

Johnny Skålvik, leiar i stiftinga bak Langøy Kystkultursenter, fortel at dei har arbeida i snart 10 år med å restaurera den gamle handelsplassen.

— Dette er ein katastrofe. Det er Kystkulturveke her i neste veke, og helga etter er det Langøydagane. Kva som skjer med desse arrangementa veit eg ikkje no. Vi var nettopp ferdig med å byggja eit rom med 8 sengeplasser her. Men vi skal få senteret opp å gå igjen, seier Skålvik.

SKADD NAUST: Det eine naustet i Langøy Kystkultursenter vart brannskadd i går kveld. Brannen starta i eit bosspann utanfor naustet.
Foto: Knut Egil Wang