Verken Kvivsvegen, fullføring av Bremangersambandet eller Dalsfjordbrua er med i framlegget som går like til 2015. Heller ikkje er det sett av pengar til bygging av Stad skipstunnel.

— For Sogn og Fjordane er dette framlegget ein katastrofe. Det er rett og slett under eit minimum, seier fylkesordførar Nils R. Sandal til Bergens Tidende.

Mest overraskande er at Kvivsvegen mellom Hornindal og Volda ikkje er inne i transportplanen. Vegen, som når han er bygd skal bli ein del av stamvegen E39, ser no ut til å bli skubba langt ut i tid. Sjansane for byggjestart før 2015 verkar små, om ikkje Stortinget plussar kraftig på rammene til vegbygging.

I inneverande vegperiode har Sogn og Fjordane kring 130 millionar kroner å byggje veg for kvart år. Dei kommande fire åra blir summen halvert til 63 millionar. I siste delen av perioden til 2015 aukar rammene att, til rundt 100 millionar.

— Når denne saka kjem til avgjerd i Stortinget, må vi ha eit anna framlegg., seier fylkesordførar Sandal. Denne veka er det fylkesting i Sogn og Fjordane, og då Bergens Tidende snakka med Sandal i går ettermiddag rekna han med at fylkesutvalet ville drøfte opplegget på møtet alt seinare på kvelden.

— I eit fylke med så mange uløyste oppgåver på vegsektoren, er dette rett og slett ikkje til å leve med.

Med så lite pengar blir det mest vedlikehald. Bortsett frå arbeidet på stamvegen E39 Lavik-Vadheim og E16 opp Lærdalsdalen blir det smått med nyanlegg i Sogn og Fjordane dei kommande åra. Men også på desse stamvegane er løyvingane så små at ferdigstillinga blir utsett.

På riksvegar som ikkje er stamvegar, er det fylket sjølv som prioriterer. Fullføring av Bremangersambandet, Dalsfjordsambandet og utbetring av vegen mellom Olden og Innvik står alle på fylkeslista, i lag med sikring av fleire rasutsette parti. Men rammene er så små at det verken blir oppstart på nye samband eller større utbetringar på eksisterande vegar.