Sola skin over Austevoll.

Havet skimrar som silda på kommunevåpenet. Måkene skrik og skuleungane skrålar, medan ein liten sjark legg til kai på Storebø.

Magnus Stangeland nikkar med kapteinslua og gjer fast skuta. Planen for dagen er å slepa ei flytebryggje ned til familieplassen på Stolmen.

71-åringen er lett i steget no som den vonde pensjonssaka endeleg er over. Frå kaien leiar han an opp til Prestagarden, som han og broren Oddvar har sett i stand. Herfrå kan ein sjå både skulen der Stangeland var rektor, rådhuset der han var ordførar, lokala til Austevoll Seafood og det store kontoret til District Offshore (DOF) og Bergen Group. Overalt kor ein ser har Stangeland sett solide spor, framleis har han hovudet fullt av planer.

Eg har prøvd å døyve det med å arbeide hardare, men det er klart at når du går og legg deg om kvelden og vaknar tidleg om morgonen, så er det noko som ligg og gneg, som du ikkje får ut av kroppen. Så undermedvitet har nok jobba med det meir enn den bevisste tanken. Det fører jo til at du blir sliten, det merka eg jo no då eg blei frifunnen.

— Her skal vi lage utearena for konsertar og greier, seier Stangeland og peikar. Utanfor bakeriet i kjellaren tek han eit jafs av ein rykande fersk sommarbolle. Endeleg går det an å kose seg litt.

Sola skin på Magnus Stangeland, men bakom smilet lurer tårene.

- Av natur er eg jo ein fighter. Og jo meir motstand du får, jo meir krefter mobiliserer du. Men etter så lang tid merkte eg at det tærer på.

stangeland1.jpg

I nesten fire år har det hengt over han, skuldinga om at han medvete skaffa seg ein stortingspensjon han ikkje hadde krav på.For Stangeland var saka enkel: Han hadde tenkt å trappa ned og ville sjekke om han kvalifiserte til pensjon. Sekretæren som administrerte pensjonsordninga forsikra om at styrehonorar og bilgodtgjersle ikkje skulle reknast med, berre løn. Så Stangeland gjekk ned i løn, søkte og tok imot pensjon ei stund, heilt til han trappa opp arbeidet igjen.

Så sprakk saka, Riksrevisjonen hadde funne at ei rekkje stortingsveteranar hadde fått urettvis pensjonsutbetaling. Gro Harlem Brundtland og Kjell Magne Bondevik var blant syndarane, men til slutt var det berre Stangeland og Anders Talleraas som blei tiltalte, lenge etter at pengane var betalte tilbake.

For fyrste gong måtte Stangeland møte i retten. 25. november 2010 dømde Oslo tingrett han til 60 dagars fengsel. Ankeperioden blei tung.

— Eg har prøvd å døyve det med å arbeide hardare, men det er klart at når du går og legg deg om kvelden og vaknar tidleg om morgonen, så er det noko som ligg og gneg, som du ikkje får ut av kroppen. Så undermedvitet har nok jobba med det meir enn den bevisste tanken. Det fører jo til at du blir sliten, det merka eg jo no då eg blei frifunnen.

Eg var vitne til ein som tørna crazy, det var ikkje noka hyggjeleg sak

Etter eit års venting blei Stangeland reinvaska i lagmannsretten, men Riksadvokaten anka. 23. april i år avviste Høgsterett anken og kom med flengjande kritikk av den opphavlege dommen.

— I staden for å bli hoppande glad og spretta i vêret, som fyrste gongen, var eg veldig sliten. Det var ein spenning som fôr ut av kroppen på ein rar måte.

Heime stod familie og naboar klare med blomster og champagne, men hovudpersonen makta ikkje noka stor feiring.

— Eg orka ikkje drikka champagne akkurat den dagen. Det blei ein Cola light, ein kopp kaffi og berre å slappe av.

Ei veke etterpå er kreftene på veg attende. Stadig kjem kjentfolk bort for å gratulera. Over 300 SMS-ar fekk han dei fyrste dagane.

— Det er så herleg å ikkje bli spurt: «Magnus, har du det bra?». Alle hadde jo det på leppene. Til slutt begynte eg å lure, er det noko gale med meg?

Det er ikkje det, Stangeland har stått i stormen før. Som god austevolling hadde han sju sesongar på islandsfiske. Faren var fiskar, og unge Magnus tenkte seg det same.

— Der lærte eg mykje, både hardt arbeid og det å måtte ta vare på deg sjølv. Og så lærte eg ein del om folk som ikkje tolte presset eller sjøen. Eg var vitne til ein som tørna crazy, det var ikkje noka hyggjeleg sak.

Sjølv held han sinnet i vater, men var likevel ved å stryke med.

— Eg datt midt ut i eit sildekast på 3000 hektoliter, he-he! Nei, då trudde eg min siste time var komen. Det var berre hovudet som stakk opp, silda trykte deg ned så du ikkje kunne symje, veit du. Det var nett som å hoppa i blaut sement. Heilt forferdeleg, men dei klarte no å hale meg opp, då.

Heime på Stolmen sette mora foten ned, eldsteguten skulle ta skule. Fisket var ikkje berre farleg, det var eit upåliteleg levebrød.

— Alle pengane far tente, gjekk tilbake i båten. Så ho måtte jo ha ku, høns, sau og gris, så ho hadde til maten. Og det var ho som stod heime då lensmannen kom på døra med inkassokrav.

Før Stangeland vart konfirmant, hadde foreldra skøyta huset over på han, så ikkje kreditorane kunne ta det. Mora fekk vilja si, han tok lærarskulen på Stord og blei tilsett på Storebø skule. Etter kvart rykka han opp til rektor, men skuleverda kunne ikkje halde på den driftige karen.

Det er så herleg å ikkje bli spurt: «Magnus, har du det bra?». Alle hadde jo det på leppene. Til slutt begynte eg å lure, er det noko gale med meg?

Når det regnarpå austevollingane, dryp det på Magnus Stangeland – eller var det omvendt?

I alle fall fekk han tidleg tilnamnet «Tiprosenten», sidan han sikra seg minst ein tidel av aksjane i alt som var verd å investera i. Sjølv har gründeren hatt to–tre verkeleg gode idear, meiner han.

— Den beste var då eg stifta District Offshore. Og den nest beste var då me fekk til oppdrett i Austevoll, seier han. Den tredje store ideen kjem vi tilbake til, men det må då ha vore nokre dårlege påfunn også?

— Eg har jo feila. Vi var jo i gang med eit svært opplegg for dyrking av blåskjel, men det gjekk ikkje.

— Har du talt opp kor mange oppstartar «Tiprosenten» har vore med på?

— Nei, he-he. Det trur eg blir vanskeleg, men eg hugsar godt korleis det begynte. Då eg drog på lærarskulen og ikkje kunne reise på fiske heile året, fekk eg ein avtale med min onkel om at eg kunne få kjøpe ein liten notbåt og få halv lott for den. Så den var på fiske og tente pengar, medan eg gjekk på skulen. Det var dei pengane eg stadig vekk reinvesterte i annan business. Så har det berre vakse på seg.

Båten fekk namnet «Kari», etter arendalsjenta han trefte på Stord og gifta seg med i 1966. Saman har dei sett den fyrste fortenesta dobla seg mangfaldige gonger.

— Det var sånn eg blei oppdregen, sant. Før eg begynte på fiske, fekk eg lov til å eiga fem garn som var med til Island. Så bøtte eg garna, passa på dei og fekk litt inntekt. Då sildefisket tok slutt, kjøpte eg lakselenkjer og eigne teiner. Så har det berre utvikla seg. Då lakse- og hummarfisket tok slutt, var det over på oppdrett og industri.

Stangeland trur ikkje det er tilfeldig at Austevoll har så mange gründermillionærar.

— Fiskerisamfunnet her ute utviklar sånne folk. Dei er ikkje fast tilsette i noko stort konsern. Dei er med i en båt, går på lott, er sin eigen arbeidsgjevar. Og så er det masse sånne småentreprenørar her, som byrjar med ein gravemaskin eller ein traktor.

Denne gründerånden tok Stangeland med seg inn i politikken.

I 1971 skipa den svorne Per Borten-tilhengaren den fyrste partilista i Austevoll. Bygdelistene hadde rådd grunnen i alle år, men Senterpartiet fekk to plassar i kommunestyret, og ved neste val blei Stangeland ordførar.

Samferdsel og næringsutvikling var hjartesakene, noko som berre blei meir tydeleg då han blei stortingsmann i 1985. I løpet av 12 år i samferdselskomiteen, fortel Stangeland stolt, sa han aldri nei til ei bru. Heimfylket fekk sitt, for allereie i fyrste valkampen hadde han lova å skaffe ein ekstra milliard til samferdsel i Hordaland. Nettopp det blei prisen då Stortinget på ein og same dag i 1989 vedtok både Nordhordlandsbrua og Askøybrua. Sistnemnde var rett nok hundre prosent bompengefinansiert, noko som fekk hans gode venninne Hanna Kvanmo til å gå på talarstolen med eit flir om munnen.

- No kan de helsa heim til folk i Hordaland, hermer Stangeland på passabelt nordnorsk.

- Og seie at Stangeland har oppfylt løftet sitt om ein milliard ekstra til Hordaland. Men han lurte folket, han sa ikkje at dei må betala det sjølv! Ha-ha-ha!

— Men hadde du nokon særleg ideologi, utanom å byggje bruer og tunnelar?

— Altså, ideologi hadde eg! Eg har heile tida representert distriktspolitikken. Det er ute i distrikta du skaper verdiane, då må det leggjast til rette for at dei får utvikla seg på like vilkår. Og det private initiativ, folk som er villige til å leggja pengar på bordet for å få noko til, det er veldig bra.

Politikarrefleksen er der ennå, orda fløymer ut.

- Eg er jo litt skremt i dag , for det er berre de store meir eller mindre statlege bedriftene som er i fokus. Ikkje dei små og mellomstore bedriftene som heile Norge er bygd opp på.

Sjølv har han gått frå å starte småbedrifter til å drive storkonsern. Stangeland slapp ikkje taket i supplybåtsuksessen DOF, og då han vende tilbake frå Stortinget i 1997, vart eigarane einige om å satsa på industri. 10 millionar kroner vart sett av, og Stangeland skreid til verket. Med 15 års erfaring som skipseigar meinte han det måtte gå an å tena pengar på å byggja avanserte spesialskip. Sidan den gong er Bergen Group blitt eit moderne milliardeventyr.

God forretningkrev godt omdømme også. Då pensjonssaka sprakk ein augustdag i 2008, stakk det han djupt å bli skulda for noko kriminelt.

Det var oljemesse i Stavanger den dagen, men i staden for å traktera kundar om bord i si gamle losskøyte «Hardsjø», måtte Stangeland rømme frå pressen. Han kom seg ut på eit nes og sette seg til å tenkje.

TUNG KAMP: Magnus Stangeland og hans advokatar, Svein Aage Valen (til v.) og Hans Erik Haukaas, under tingrettssaka. Stangeland er ikkje bitter etter den lange prosessen, men synest Riksadvokaten og stortingspresidentane Thorbjørn Jagland og Dag Terje Andersen kunne handla annleis.
SCANPIX

— Eg måtte jo spørja meg sjølv: Er detta deg, Magnus? Er det nokke gale med deg? Eg kjende meg ikkje igjen i det biletet spørsmåla peika mot, om fengsel og straff.

Mørke tankar kom over han.

— Ein hadde jo mest lyst til å forsvinne ut av det på ein lettvint måte. Heldigvis fekk eg slått frå meg dei tankane, og fann ut at livet kunne gjerne bli bra likevel. Og då kom plutseleg alle minna fram, om guten eg miste.

Uff, eg kjenner godt Alexander og faren. Eg var så stolt av han, at han kom frå distriktet og var ein strålande gut utan fiksfakseri

Sorga etter sonen Tor har han alltid med seg. Tiåringen døydde brått av smittsam hjernehinnebetennelse ein marsdag i 1978. Nokre timar tok det, medan faren var på jobbreise og aldri rakk heim att i tide.

— Først berre sprang eg, så svikta beina, alt svikta, eg berre seig om, seier Stangeland. Dei lyseblå auga vert uklare.

— Eg tenkte på dykk i går, då eg fekk høyra at Alexander Dale Oen var død.

— Uff, du må ikkje seie det, seier Stangeland med brestande røyst.

Tårane sprett og han dekkjer andletet med den grove, brune neven.

— Uff, eg kjenner godt Alexander og faren. Eg var så stolt av han, at han kom frå distriktet og var ein strålande gut utan fiksfakseri.

Han skjelv, men tørkar kinna og senkar handa.

— Det er heilt forferdeleg, men slik er det.

— Korleis kjem ein seg vidare etter noko slikt?

— Nei, det tar tid, det tar tid. Etter at eg mista Tor, var kjenslelivet borte. Det var liksom ikkje noko som var godt lenger. Det gjekk fem år før du følte at du var på høgda igjen.

Det var dette han tenkte på, den dagen i 2008, at han hadde opplevd noko uendeleg verre før.

— Då fekk eg jo den roa i meg, at du får berre prøve å kjempe igjennom dette her, det er jo ikkje liv som er gått tapt.

— Heldigvis blei eg sint, seier Stangeland litt etterpå.

FAMILIEMANN: Magnus Stangeland feirar med døtrene Nina (til v.) og Torunn etter frifinninga i lagmannsretten i november 2011. Først fem månader seinare var han heilt reinvaska.
Vegar Valde

No er vi, eigentleg, i Slottsparken ein haustkveld i 1992 . På veg heim til stortingshybelen blir Stangeland slått ned bakfrå av to karar.

— Det var eit under at eg ikkje svima av, eg såg jo stjerner og alt. Så blei eg sint og begynte å slåst.

I basketaket hamna 51-åringen på bakken, medan ein av angriparane sparka han så armen braut tvers av. Då kumpanen gjekk etter setelboka, fekk Stangeland sin sjanse.

— Eg sparka han i skrittet med full kraft! Eg høyrde berre eit sukk, så seig han saman og forsvann.

Åtaket sat ein støkk i han, det blei slutt på kveldsturar i parken. Men då skuldingane om trygdemisbruk kom, steig det same sinnet i han.

— Ja, faktisk! Heldigvis blei eg irritert og begynte å slåst, for dette var ikkje rett!

Folk kallar han eit kjenslemenneske, han bekreftar det.

— Eg reagerer veldig, både positivt og negativt. Eg kan bli glad som ein fugl, kan letta frå taket kva tid som helst, og så kan eg bli vonbroten og såra så tårene renn som ei elv. Kanskje fordi eg har opplevd så mykje, både godt og gale.

Difor har han slått frå seg erstatningssøksmål, pensjonssaka vil han gløyma no. Innimellom styreleiarvervet i Bergen Group spelar han golf, mosjonerer og syslar med store og små prosjekt. "Hardsjø" skal fiksast opp, oppgraderinga av Marsteinen fyr held fram, og så var det denne flytebryggja han skulle feste utanfor barndomsheimen. Små oppgåver for ein kar som er god for eit tresifra millionbeløp, men i Stangelands verd henger stort og smått saman.

— Når du er ute på sjøen og driv på med ei bryggje eller ei båt, så tenkjer du jo heile tida. Og kjem mange idear fram, så er det å prøva å realisera det du synest er riktig. Det har eg gjort, og det kjem eg til å fortsette med.

Føremiddagen har gått, endeleg er han på veg ned i båten att. Vegen går forbi lensmannen, som slapp å ta han i arrest. Magnus Stangeland tenkte ikkje mykje på dei 60 dagane tingretten mente han skulle sitje inne.

— Nei, då hadde eg vel bede om å få sone i einsemd ute på Marsteinen fyr. Så hadde eg gjerne fått malt husa mens eg var der, gjort noko nyttig!

VAREMERKET: Skipperlua har vore med Magnus Stangeland lenge, frå islandsfiske til Stortinget og ut i verda.
ODD MEHUS