• Ingen trudde nokon skulle greie å ta seg fram til oss. Rektor gjorde ein fantastisk prestasjon.

Birgitte Magnus Weyde (20) frå Gjøvik og Christine Christophersen (19) frå Stavanger har skifta til tørre klede og funne seg ein matbit i matsalen på Nordfjord folkehøgskule. Saman med sju andre elevar frå folkehøgskulen på Vereide i Gloppen sat dei innesperra i ei snøhole i 1200 meter høgde på fjellet Svartekari i Gloppen frå torsdag kveld.

Redningshelikopter og snøscooterpatruljer måtte snu på grunn av storstormen. Men rektor Hallgeir Hansen og elev Thomas Bryn (19) tok seg fram til snøhola på ski fredag ettermiddag. Med seg hadde dei mat til våte og forfrosne elevar.

Kasta i bakken

Rektor Hallgeir Hansen var aldri i tvil om at han måtte i veg, då lærarkollegaen over mobiltelefon fekk meldt frå om at dei trengde hjelp torsdag.

— Dramatikken låg i at vi ikkje visste kva hjelp dei hadde behov for, seier Hansen.

Rektoren fortel om ein tøff tur i motvind der dei to blei slått i bakken fleire gonger av orkankasta. Sikten var ikkje meir enn fem-ti meter. Men Hansen er godt kjend i området, og dei hadde GPS-posisjonen til gruppa som låg vêrfaste. Det gjorde at dei kunne gå meir eller mindre rett på snøhola.

Rektoren rosar sin 19 år gamle følgjesvein, men meiner samstundes det har blitt litt vel mykje dramatikk.

— Største problemet var at dei hadde så lite mat att. Men dei hadde greidd seg ein dag til utan hjelp.

Beheldt roen

Den første vinterturen for elevane på linja for friluftsliv/ekspedisjon på folkehøgskulen blei heilt annleis enn dei hadde tenkt seg.

— Eg hadde nokre stunder då eg tenkte på korleis dette ville ende. Men vi beheldt roen heile tida, seier Birgitte.

Dei åtte elevane og lærar Inger Tronstad reiste inn i fjella på sørsida av Gloppefjorden onsdag. Natt til torsdag overnatta dei i telt, og natt til fredag i snøhole. Planen var å reise ned att fredag, men det sette stormen ein solid stoppar for.

Rektor Hansen berømmer gruppa for å ha takla situasjonen 100 prosent etter boka:

— Hadde dei forsøkt å gå ned att, ville det vore heilt uforsvarleg. Med så dårleg sikt ville faren for at dei kunne komme frå kvarandre vore stor.

Kunne ikkje gå ut

Christine og Birgitte fortel om lange timar med lite søvn og våte klede inne i snøhola. Dei måtte vere i bevegelse heile tida for å halde varmen. Då det stod på som verst gjekk det ikkje an å gå ut. Dei kunne ikkje stå oppreiste, og fekk pustevanskar i den sterke vinden og snøfoket. Både mat og drikke var dei i ferd med å gå tomme for. Elevane åt snø frå taket i snøhola for å få i seg væske.

Lite søvn blei det også på lærar Inger Tronstad. Natt til fredag var ho oppe heile tida, og moka ned snø frå taket i hola.

— Då taket i snøhola tok til å sige blei eg bekymra, seier ho. Snøfoket gjorde det også vanskeleg å halde opningen til snøhola.

— Eg har aldri hatt ansvaret for elevar før i ein så ekstrem situasjon. Det kjende eg på, seier Tronstad som meiner det kunne blitt kritisk dersom dei ikkje hadde fått hjelp fredag kveld. Største problemet var maten.

Feststemning

Tronstad legg heller ikkje skjul på at stemninga ei stund var låg fredag.

— Men då vi tok til å grave ei ny snøhole snudde det. Klassen grov ei ny snøhole på tom mage. Dei utførte eit krafttak, seier Tronstad.

Og då rektor og den 19 år gamle medeleven kom fram til gruppa med mat og drikke i halv seks-tida fredag, blei det nesten feststemning. I går morgon var gruppa tidleg oppe, og i grålysinga la dei i veg. Like før klokka 11 var alle trygt nede i bygda.

I går blei elevane samla for å snakke ut om hendinga.

— Det var litt av ei vintererfaring. Vi har i alle fall lært utruleg mykje på desse timane, slår Birgitte og Christine fast.

Og dei to har absolutt ikkje blitt skremde av opplevinga. Seinare i vinter ventar fleire ekspedisjonar. Mellom anna skal dei på langtur til Jotunheimen.

HAR IKKJE TATT SKREKKEN: Christine Christophersen(t.v.) og Birgitte Magnus Weyde meiner dei skulle greidd seg ei natt til utan hjelp. Dei to er klare for nye ekspedisjonar ettter å ha lagt vêrfaste i snøhole to netter.<br/>Foto: Oddleiv Apneseth