- Ein fantastisk innsats
Bergensparet gjorde ein fantastisk innsats, meiner presidenten i Norges Livredningsselskap.
Publisert:
Oppdatert:
- Den første normale reaksjonen ved slike situasjonar, er handlingslamming. Dei fleste er redde for å gjere feil, erfaring viser at berre 10-15 prosent greier å handle når det gjeld, seier president Reidar Nesheim i Norges Livredningsselskap.
Han er full av lovord om det Hilde Løland von Volkmann og Richard von Volkmann gjorde på stranda fredag.
- Her vart tydelegvis alt gjort heilt etter boka. Det er forferdeleg viktig å få sett i gang gjenoppliving raskt. Det går berre fire-seks minutt før ein hjerneskade kan oppstå, dersom hjartet stansar og det ikkje blir tilført luft til lungene, seier Nesheim. Ved nedkjøling i vatn kan det gå enda raskare.
Livredningsselskapet arrangerer kurs landet over for å lære folk dei grunnleggjande grepa som må til.
- Det er gjort på tre undervisingstimar. Opplæring i livredning er obligatorisk på ungdomsskulen og nå også ved all førarkortopplæring. Det er vi veldig glade for. Det aller viktigaste er å tørre å gjere noko, seier Nesheim.