— På vestsida av Byrknesøy ligg leia veldig nær land. I verste fall kan det berre vere snakk om minutt frå ein båt misser motorkrafta til han ligg i fjøresteinane, seier lensmann Henry Indrebø i Gulen.

Indrebø meiner at i skikkeleg dårleg vêr bør i alle fall større båtar gå utanom leia for å få større avstand til land.

— Men det er kaptein og eventuell los som avgjer kvar skipet skal gå.

Gulen-lensmannen rosar byrknesingane for å ha stabla på beina eit mottaksapparat straks dei fekk vite om grunnstøytinga med MS «Dallington» onsdag kveld. Bygdefolket strøymde til skulen for å ta seg av dei fem sjøfolka som blei frakta dit med helikopter.