No vil han ha ei eiga investeringspakke til Helse Bergen.

— No må Helsedepartementet og Stortinget ta behova innan sjukehussektoren alvorleg. På Vestlandet er det i fyrste rekkje sjukehusa i bergensområdet som treng eit løft. Nybygga vil gje oss det moderne helseføretaket pasientane treng og har krav på, hevdar Strand.

Han understrekar at det hastar

— Styret i Helse Bergen treng signal om auka løyvinga alt i statsbudsjettet i hausten dersom vi skal kunne gjennomføra arealplanen innanfor dei tidsrammene vi har sett.

Strand peikar på at både St. Olav Hospital i Trondheim og A-hus, som er det tidlegare sentralsjukehuset i Akershus, har fått ekstramidlar av staten til å byggje nye sjukehus.

— Det skjer samstundes som at Helse Vest - som eig Helse Bergen - får beskjed om at alle nybygg må finansierast innanfor dei generelle rammevilkåra staten set. Vi meiner at trongen for nybygg er like stor i Bergen som i Trondheim og Akershus, og vi finn det svært urettvist at vilkåra ikkje vert like overalt, seier Strand.