Collett er dermed totalt usamd med sin tidlegare oppdragsgjevar Qvam AS, som i den ferske dispensasjonssøknaden karakteriserer endringane som «mindre vesentlege for det totale fasadeintrykket».

— Vi meiner dette i aller høgste grad er ei vesentleg endring, seier Collett til Bergens Tidende, etter å ha sett foto av brua slik ho står i dag.

— Dette bygget har ikkje dei same eigenskapane som vårt godkjende prosjekt.

I går sende Collett si faglege utgreiing om saka over til Førde kommune. Her legg arkitekten vekt på at hans gangbru har ei fasadeinndeling som indikerer retning, og som strekk seg frå det eine bygget over til det andre:

«En valgt geometrisk rombeform gir et slikt strukket uttrykk. Dette dynamiske uttrykket understreker gangbroens letthet i forhold til de to store, massive handelshusene.»

Og om varianten som Qvam AS har sett opp: «Kvadratet, derimot, er retningsnøytralt og statisk. (...) vil også virke tyngre.»

Collett fortel at brotet med Qvam AS kom heilt overraskande i fjor haust.

— Vi opplevde at dei var samde i våre løysingar, og at vi også hadde avklara det reint byggetekniske.

Collett opplyser også at Kritt Arkitekter AS, som ansvarleg søkar, korkje fekk melding frå Qvam eller Førde kommune om at dei var ute av prosjektet og at teikningane var endra.