Ordførar Bjørn Christensen er ikkje vippa av pinnen sjølv om meiningsmålinga som Opinion har utført for Bergens Tidende i tida 11.-17. august går i Arbeidarpartiet sin klare disfavør. Partiet står i fare for å missa fem av sine 18 plassar i Voss kommunestyre.

— Ei slik meiningsmåling er eit bra utgangspunkt for valkampen. No må vi slåst. Vi må stå på. Heilt til vallokala opnar. Ingenting kjem av seg sjølv, seier Christensen til Bergens Tidende.

Skryteliste

Han ser på valkampen som eit framifrå forum til å legga fram ei lang skryteliste.

Mest stolt er han over forvaltinga av kraftinntektene. Aksjeutbytte frå BKK og fisjonerte Voss Energiverk gir verdfulle ressursar til fellesskapet på Voss. Det er betre enn at langt andre profitterer på dei høge straumprisane, meiner han.

Betringa i kommunen sin økonomi har fjerna Voss frå fylkesmannen si «verstingliste». Dessutan har folketalet auka dei siste åra. Ikkje mykje, men i strid med trendane i tida. Voss er ei av yttarst få innlandskommunar her i landet som har unngått nedgang i folketalet.

På skrytelista står også utbygging av eldreomsorga på Vetleflaten, og snart også på Vossestrand og Rogne, tilrettelegging for fritidsbustader i Bavallen og Myrkdalen, vern av Mjølfjellområdet mot flybombing, berging av sjukehuset og nye statlege arbeidsplassar på Vegkontoret (meir enn Leikanger) og i Mattilsynet.

Gjekk gale

Lista over ting som gjekk gale, er langt kortare, hevdar ordføraren. Mest ergrar det at Voss misser sorenskrivarembetet. At dataeventyret på Tvildemoen altfor tidleg vart snipp-snapp-ute, får skurkar i Korea ta skulda for.

— Hadde så seriøse krefter lagt fram tilsvarande planar i dag, hadde vi sikkert gjort det same, trur Christensen.

— Vil samarbeidet med Venstre og Senterpartiet halda fram?

— Vi er samde om å ta den diskusjonen når valresultatet ligg føre. Men eg kan seia såpass at vi er godt nøgde med samarbeidet til no. Voss har fått eit langt meir aktivt Senterparti.

Vil fullføra

— Eg føler at vi har lagt eit godt grunnlag, og vil gjerne styra vidare. Styra unna utviklinga mot eit amerikansk samfunn der mange vil falla utanom. Vi vil ha gode fellesskapsløysingar, og ikkje enda meir marknad og konkurranse. Det handlar om å bry seg, seier Christensen.

— Men meiningsmålinga …

— Det skal noko til å gjera eit nytt brakval som sist. Eit resultat på 30,2 prosent er rett nok betre enn Stortingsvalet for to år sidan, og betre enn Ap kan venta på landsbasis, men ein slik tilbakegang frå førre kommuneval vil vi jobba beinhardt for å unngå. Alt under 15 mandat er direkte skuffande, seier ordføraren, og noterer seg at Ap sjølv med 13 mandat blir desidert største partiet på Voss, om lag dobbelt så stort som kvar av dei fire næraste konkurrentane.