Aktor i drapssaka i Førde, statsadvokat Jogeir Nogva, la i går ned påstand om 17 års fengsel for den tiltalte sunnfjordingen. Han meiner bevisa som er lagt fram er meir enn sterke nok til å dømme tiltalte både for forsettleg drap og valdtektsforsøk.

Når han meiner straffa bør vere så streng, er det fordi Anne Slåtten blei utsett for ei meiningslaus og hjartelaus handling.

— Ho blei eit tilfeldig offer. Og det blei ho fordi tiltalte skulle ha utløp for si seksuelle drift der og då, sa Nogva.

Sexmotiv

Aktor underslo ikkje at det finst lause trådar i saka, men meiner at omstenda tilseier at tiltalte er gjerningsmannen. I prosedyren la han som venta stor vekt på DNA-funna, påtalemakta sitt trumfkort. Tiltalte sitt arvemateriale er funne på hud og bh under anorakken og genseren Anne Slåtten hadde på seg. Testar viser at dette kan vere spytt, noko som etter aktoratets oppfatning klart byggjer opp under at det er eit seksuelt motiv. Det var eit valdtektsforsøk. Men tiltalte var ikkje sterk nok. Difor enda det i drap.

— Det kan ikkje vere noko tvil om at DNA-funna byggjer opp under ein kamp som er seksuelt motivert. Dette viser også andre funn som er gjort på åstaden, sa Nogva.

Hugsar meir no

For forsvarar Ivar Blikra var hovudpoenga at saka er full av tvil og uavklara moment, at ikkje eitt einaste vitne har sett tiltalte nær funnstaden, at ingen veit korleis tiltaltes DNA hamna på Anne Slåtten og at det slett ikkje er sikkert at 22-åringen er drepen på staden der ho vart funnen.

— Det siste vi veit sikkert om Anne Slåtten, er at ho vart oppringt av kjærasten natta før ho forsvann, sa Blikra. - Ingen såg at ho faktisk gjekk på jobb om morgonen, vitnet høyrde berre noko han trudde var henne.

Ingen av vitna som gjekk langs ruta mellom heim og jobb denne morgonen er sikre på å ha sett henne, og Blikra påpeikte at ei rekke vitne faktisk hugsa fleire detaljar no, sju månader seinare i retten, enn kva dei gjorde i politiavhøyra like etter drapet.

Tvil rundt DNA

Forsvararen tok også opp DNA-beviset, og nekta ikkje for at det har sterk beviskraft.

— Men det er reell tvil rundt to forhold ved DNA-funnet, nemleg korleis det hamna der og kva materiale funna kjem frå. Det treng ikkje vere spytt, det kan også vere urin, sveitte eller lause hudceller, sa Blikra, som både antyda urinering og gjenoppliving som fullt moglege måtar klienten sitt DNA kunne ha hamna på offeret.

Han peika også på at klienten har eit alkoholproblem og vanskar med å hugse, men viste også til at han har forklart seg utan sjølvmotseiingar i totalt ni politiavhøyr.

— Han framstår som truverdig i alle samanhengar. Og kven er det som etter å ha begått eit drap, stiller seg opp og står ved den mest trafikkerte vegen, sjølve utstillingsvindauget i Førde, i halvannan time, spurte forsvararen retorisk. - Han kunne berre søkt tilflukt hos mora som bur like ved.

Tiltalte fekk siste ord

Blikra meinte også at korkje åstad eller offer bar preg av kamp og valdtektsforsøk.

— Dersom det har vore ein massiv kamp inne i skogkrattet, burde det vore fleire spor frå gjerningsmannen, sa Blikra, og la ned påstand om frifinning.

Rettsforhandlingane vart avslutta av at tiltalte tok ordet med følgjande kjensleladde ord:

— Eg vil berre seie at eg er uskuldig, og at eg har vore ærleg. Eg veit med meg sjølv at eg ikkje er ein person som hadde klart å leve med det etterpå om eg hadde gjort noko sånt, sa tiltalte, som dei siste orda før saka blir tatt opp til doms.

Dommen fell fredag i neste veke.