• Eg var sikker på at ho kom til å døy, seier far Bjarte Kyte. Han stod hjelpelaus og såg dottera falla i fossen. Men som ved eit mirakel: Guro klarte seg.

ÅDNE LUNDE

Berre nokre blåmerke og eit stort plaster på eine olbogen vitnar om dramaet på Rallarvegen førre tysdag. Guro er jenta med utruleg flaks, jenta som ikkje gav seg, og som berga livet.

Det hadde vore ein fantastisk sykkeltur frå Haugastøl. Saman med pappa og broren Mikkel (10) hadde ho overnatta i telt mellom Fagernut og Hallingskeid. Dei sykla vidare og kom til det bratte Klevagjelet. Her er det merka med fareskilt, og opplyst om at ein syklar på eige ansvar.

Var veldig forsiktig

— Eg var veldig forsiktig, og gjekk av sykkelen der det var brattast utfor, seier Guro. Men så fekk Bjarte sjå eit vakkert motiv; ei bru over gjelet med fossen kvit under. Han bad ungane om å sykla ned på brua, og vart sjølv ståande i vegen hundre meter ifrå for å fotografera dei.

— Vi sykla sakte over brua så han skulle få ta bilete, seier Guro.

Då dei er nesten over, vert farten for låg. Dei vinglar litt, og Guro si T-skjorte hektar i broren sitt sykkelstyre. Så skjer det fort: Frå sin posisjon langt opp i vegen ser faren dottera og sykkelen falle ned stupet mot fossen.

— Eg var sikker på at ho kom til å døy, og eg tenkte «korleis kan eg koma heim utan Guro», seier Bjarte.

— Då eg merka eg datt, tenkte eg at det

vil jo gå bra,

har jo alltid gått bra, eg får nok tak, seier Guro. Men slik gjekk det ikkje. Ho hamna i fossen, og vart ført med og dregen under.

Vill ferd

— Eg fekk tak i sykkelen før eg trefte ein stein. Den fekk eg ikkje tak i sjølv om eg prøvde. Eg var både under og over vatnet.

— Kva tenkte du då?

— Eg tenkte at eg ikkje var fylt 12 år enno, og at eg ikkje skulle døy no, fortel Guro.

Etter ei vill ferd, 60-70 meter ned gjennom stryket, kom ho til eit rolegare parti i elva, over nye kraftige stryk og fossar.

— Eg prøvde å symja, men armen gjorde så vondt at eg ikkje klarte det. Eg var heilt utmatta, men då eg låg på ryggen merka eg at hovudet flaut på hjelmen. Hjelmen heldt meg oppe, og eg spente med beina mot straumen.

Mikkel hadde sett søstera si ville ferd gjennom stryket, og kom no springande framfor faren langs elva.

— Eg klarte ikkje å tenkja, eg såg berre Guro i elva, seier han.

Bjarte kom også så langt ned at han såg dottera. Han hadde venta å finna henne død, men no såg han at ho rørte på seg og høyrde at ho ropte. Han såg også at straumen førte henne mot nye stryk. Bjarte ropte av all makt, og peika mot land.

- Som å få ei fantastisk gåve

— Eg kunne ikkje høyra noko, men eg såg at han peika, seier Guro.

Ho brukte sine siste krefter på å spenna seg mot land. Fekk tak men klarte ikkje å dra seg opp. Prøvde ein gong til og klarte å dra seg opp ved eiga hjelp.

— Eg ville ikkje gje meg, seier ho. Då faren klarte å ta seg fram til henne gjennom det ulendte terrenget, låg ho utmatta over ein stein.

— Det var ufatteleg. Det var som å få ei fantastisk gåve, seier Bjarte Kyte.

Guro fekk på seg tørre klede. Ein ukjent syklist kom til og hjelpte. Sykkelen låg i elva, og Guro byrja å gå saman med faren og broren.

— Det var ikkje til å tru at ho kunne gå sjølv, seier Bjarte. Dei tre er enno merkte av den opprivande hendinga for berre nokre dagar sidan når dei sit trygt heime i Bergen og fortel.

Hjelpa kom

Den andre syklisten hadde sykla i førevegen og varsla, og Finn Tokvam kom køyrande og henta familien med traktor. Han skyssa dei til Myrdal, der dei kom tre minutt før toget skulle gå. Så bar det rett til legevakta og sjukehuset på Voss. Her kunne dei slå fast at Guro hadde kome frå det utan brot. Men ho hadde ein kraftig kul rundt heile kanten av hjelmen, og var hoven og mørbanka over alt.

— Det er ikkje til å tru at dette kunne gå så bra, seier Bjarte Kyte.

— Det var fordi eg ikkje gav meg, og fordi eg hadde hjelm, seier Guro, og viser fram hjelmen ho verkeleg er glad i.

Guro har vore uvanleg utmatta nokre dagar etter fallet i fossen, men no er ho seg sjølv att. Sykling og bading skal ho til med så snart ho og pappa har fått kjøpt ny sykkel.

— Bading er det kjekkaste eg veit, så det skal eg i alle fall ikkje gje meg med, slår Guro fast. Og når ho syklar, skal ho alltid bruka hjelm!

STRIDT STRYK. Giro var skylt ned dette stryket. Ho freista å koma seg opp på steinen midt i biletet, men det vart for vanskeleg. Då ho kom ned i rolegare vatn, klarte ho å koma iland.<br/>Foto: Nils Fleten
BERGA LIVET: Guro er sta og tøff Ho fekk ikkje panikk, gjorde dei rette tinga og berga livet. Men både ho, Mikkel og pappa Bjarte er enno merkte av den dramatiske hendinga på Rallarvegen.<br/>Foto: JAN M. LILLEBØ
HØGT FALL: Her var Guro det Guro velt6a utfor og fall 10-12 meter ned i fossen. Biletet er teke etter at ho vart berga.<br/>Foto: BJARTE KYTE