Sola steikjer gjennom vindauga i kommunehuset i Sogndal. Hassan Hashin har ikkje heva hovudet sidan han vart ført inn i det provisoriske rettslokalet like før klokka ni.

— Eg ville ikkje at ho skulle dø. Eg var ikkje meg sjølv, seier han.

Hashin fortel at når han og Hedda kom tilbake til hybelhuset møtte dei to gutar som ho kjende.

— Ho vart med dei, medan eg stod og venta.

Hashin seier han venta i opptil ein halv time før Hedda kom tilbake. Deretter gjekk dei inn på hybelen hennar.

— Eg tenkte mykje på dei to gutane ho hadde møtt. Eg spurte kvifor ho vart med dei to. Eg fekk ikkje noko svar. Ho la seg på senga. Eg spurde om dei hadde tatt på ho. Eg ville vite om dei hadde hatt sex i lag, forklarte Hashin.

Slik forklarar Hashin kvifor han tok av henne kleda. For å sjekke denne mistanken.

— Neste eg hugsar er at eg tok tak rundt halsen hennar. Eg ville truge ho til å svare. Eg ville ikkje att ho skulle døy.

Korleis Hedda vart påført store skadar, bitemerket og at ho vart funnen på golvet, har han ingen forklaring på.

Seinare i forklaringa fortalde han også at ho ikkje gjorde motstand, verken når han tok kvelartak eller tok av henne kleda.

— Ho trudde sikkert at eg berre tulla, og trudde ikkje det var alvor, fortalde han i retten.

Etter at statsadvokaten hadde spurt ut Hashin i ein time, heva han blikket og såg rett mot tiltalte:

— Eg trur ikkje på historia di.

Etterpå utdjupa Soknes dette til BT.

— Vi har etterlyst dei to mennene gjentekne gongar. Det er lagt ned mykje arbeid i å finne dei, utan resultat. Vi trur ikkje at dei er å finne, seier statsadvokat Soknes.

Han trur Hashin diktar opp historia for å kome seg unna tiltalen om valdtekt.

På slutten av rettsdagen i går spurte tingrettsdommar Steinar Velle om Hashin hadde noko han ville legge til?

Med bøygd hovud svarar han:

— Eg ønskjer å be om unnskyldning til dei som er ramma. Då tenkjer eg på foreldra.