— Det som skjedde med meg er ganske så utruleg. Legane sa dei trudde eg aldri skulle vakna opp att, men eg vakna og plutseleg fungerte alt, seier Hallgeir Berge.

- Takknemleg for livet

Den utrulege historia er portrettert i Bergen Student-TV (BSTV) sin serie «Fjeset». Her fortel Berge om den skjebnesvangre dagen - dagen då han som 18-åring krasja med bil i ein naudtelefonboks.

Det reiv bokstavleg tala av han andletet, i tillegg knakk han nakken og hamna i koma. BT skreiv om ulukka i 2003.

— Det var veldig spesielt å vakna frå koma og på ein måte verta født på ny. I dag har eg ikkje smerter og eg er så takknemleg for livet. Verkeleg, seier han i klippet.

Koordinator for asylsøkjarar

I dag jobbar Strandebarm-mannen som koordinator for asylsøkjarar i Bergen, eit arbeid han tydeleg stortrivast med.

— Heldigvis har eg ei stor leilegheit og har moglegheit til å invitera dei heim til middag og kaffi. Det er hyggjeleg og gjev stor glede begge vegar, fortel Berge.