I eit sterk sluttord før prosedyrane tek til i Sogndal-saka, sa Hashin nok ein gong unnskyld til Hedda Karterudseters foreldre og slektningar.

— Dei har det mykje verre enn meg. Eg har også påført smerte til mi eiga kone. Eg har svikta mine vener og arbeidskollegaer, eg har svikta alle, sa Hashin.

Den drapstiltalte stod fram som ein sterkt angrande syndar:

— Alt dette gneg meg slik at eg ikkje veit korleis det skal gå med meg. Eg greier ikkje komme vidare, sa Hashin som også takka dei tilsette ved fengselet i Vik for å ha vore kjekke mot han og snakka med han om at han må halde ut.

— Eg vil be om unnskyldning til alle, for eg trur ikkje eg vil leve lenge, sa Hashin til slutt.