— Eg har nok tatt litt for mykje Møllers tran, sa Nordtveit i eit intervju på NRK Sogn og Fjordane i dag.

Talet på politikarar som har tatt for mykje tran under denne valkampen er dermed stigande. Listetoppen har fått knallhard kritikk for ikkje å ta på alvor at kring 5800 har skrive under på at dei er mot bilvegen langs elva Jølstra i Førde sentrum. Kommunestyret har vedteke den nye gata, og Nordtveits parti har vore ein av dei sterkaste forkjemparane.

Det var etter at ordførarkandidaten fann at både Pol Pot, Osama bin Laden, Muhammed Ali hadde skrive under, at han hevda listene passa betre i bossdunkane til Sunnfjord Miljøverk. Gruppeleiar for Sp i Førde, politikarveteranen Norvald Erdal, seier i dagens Firda at Nordtveit med dette utspelet har synt at han ikkje er eigna som ordførar i Førde.

Nordtveit legg seg no flat for kritikken, men seier at han ikkje kjem til å trekkje seg som ordførarkandidat.