— At eg fekk bruke denne teknikken, med det utstyret som er nødvendig, var ein føresetnad for at eg tok jobben i Lærdal, seier Jellestad.

I dag kjem representantar frå Helse Vest til Lærdal saman med revisor for å gå gjennom innkjøpa som har vore gjort ved klinikken. Jellestad stadfestar opplysningar i avtalen som BT har sett, og seier at han i dagens møte vil peike på nettopp dette.

Helse Vest har i to år gitt økonomisk støtte til drifta av klinikken. Helse Førde har drive marknadsføring for å hente pasientar frå vestlandsfylka og andre område i landet.

Jellestad er klar på at han heile vegen har vore open om arbeidsmetodane sine.

— I forhold til min arbeidsgjevar, Helse Førde, må det i alle fall ha vore heilt klart kva metodar eg har brukt. Eg har vanskeleg for å skjøne korleis det skal gå an å drive meir ope enn vi har gjort. Det har vore skrive ei rekkje avisartiklar om klinikken, og eg har førelese om metoden på seminar, seier Jellestad.

10. august sende Jellestad ei omfattande utgreiing om metoden han brukar til Helse Vest. Det skjedde i samband med at ortopedisaka skulle opp i styret.

— Dersom dei meinte dette var så ille, burde dei slått alarm då, seier legen.

Den spesielle teknikken går ut på at det blir brukt ein avansert pc under operasjonane i Lærdal. Pc-en viser kvar protesane skal plasserast.

— For meg er det viktig å få fram at det også er råd å oppnå gode resultat utan dette utstyret. Men computernavigasjon er eit nyttig hjelpemiddel for å gje nødvendig presisjon og stabilitet når protesen blir sett inn.

Dei siste par åra har 10-12 andre sjukehus i landet teke metoden i bruk.