• Eg skal ofre deg, eg skal drikke blodet ditt, ropte «Gaahl» då han angreip meg. Det fortalde fornærma i retten. Satanist-rockaren «Gaahl» hevdar han handla i sjølvforsvar.

TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

40-åringen som er den fornærma i valdssaka der vokalisten i black metal-bandet Gorgoroth er sett på tiltalebenken, frykta han skulle døy natt til 23. februar 2002.

— No døyr eg

Mannen forklarte at han blei invitert på nachspielet, og at han trudde det var bror til tiltalte som hadde stått for invitasjonen. Han stadfesta også at han kom i munnhoggeri med tiltalte, men avviste at han skal ha gått til angrep på satanist-vokalisten med artistnamnet «Gaahl».

— Eg ville gå derifrå. Det eg gjorde var å svare opp i ein situasjon eg opplevde som truande. Då 40-åringen ville forlate festen, stod tiltalte i døra og sperra vegen. Deretter fekk han eit hardt slag i bakhovudet.

— Frå eg fekk det slaget, trudde eg at dette var slutten. Eg følte eg såg situasjonen utanfrå: No døyr eg, forklarte mannen.

Blødde ikkje nok

40-åringen skildra ei natt med omfattande valdsbruk. Sjølv har han ingen formeining om kor lenge det varte, men sa at det kjendest lenge. Han forklarte seg også om situasjonen der han fekk eit beger som han skulle blø i. Han sa at han først blei slått ein gong. Deretter ein gong til, fordi han ikkje blødde nok. I følgje fornærma skal tiltalte ha sagt:

— Eg skal ofre deg, eg skal drikke blodet ditt.

Etter at han blei slått i bakhovudet, forsøkte 40-åringen to gonger å komme seg vekk. Første gongen trudde han at stova var tom. Men då han reiste seg frå stolen blei han dratt ned av nokon som stod bak han. Andre gongen lukkast han i å komme seg ut, inn i bilen og køyre derifrå. I tillegg til tiltalte, trur 40-åringen at også to andre personar var i huset.

- Handla i sjølvforsvar

Då den 28 år gamle vokalisten forklarte seg i Sunnfjord tingrett i føremiddag, sa han at det var 40-åringen som hadde starta bråket. Aktor, politiinspektør Ronny Iden, sa i sitt innleiingsføredrag at enkelte av vitna vil forklare at det var 40-åringen som starta bråket.

— Han fauk på meg, og sleit meg ned i ein stol. Eg hugsar også at eg fekk hovudet dunka inn i veggen. Han slo heile tida. Det siste eg hugsar er at eg datt ned i sofaen, og at eg løfta hendene for å beskytte meg. Deretter må eg ha svima av. Det neste eg hugsar er at eg stod på golvet, og at 40-åringen sat i ein stol. Då blødde han ganske kraftig, forklarte 28-åringen som er vokalist i black metal-bandet Gorgoroth.

Sjølv hadde han ingen forklaring på dei store skadene 40-åringen hadde fått:

— Det blir berre spekulasjonar. Eg veit ikkje kva som skjedde.

- Fornærmede som tok kontakt

Tiltaltes forklaring står i skarp motstrid til påstanden frå påtalemakta om at han skal ha mishandla 40-åringen slik at han i dag, meir enn to år etter ugjerninga, framleis er sjukmeld.

I forklaringa fortalde tiltalte at han møtte 40-åringen tidlegare om kvelden på ein utestad. Han fortalde at han ikkje kjende mannen før han møtte han på restauranten, og at det var fornærma som tok kontakt.

Tiltalte tok drosje heim etter stengetid. 40-åringen var ikkje invitert til nachspielet, men kom ubedt kort tid etter. Tiltalte hevdar 40-åringen hadde drukke på utestaden, men likevel køyrt i eigen bil den knappe halvtimen det tok frå utestaden til huset.

— Alt føregjekk heilt roleg til vi skulle forlate huset for å gå over til bror min like ved. Det var han som eigentleg skulle ha festen, men vi gjekk inn til meg fordi bror min ikkje var komen. Det var då eg sa at vi skulle gå at han gjekk til angrep, fortalde 28-åringen.

Hevnaksjon?

Det var heilt på slutten av aktors utspørjing i føremiddag at tiltalte hevda han var utsett for ein hemnaksjon.

— Eg trur han blei send av mannen eg fekk dom for i Høyanger, sa «Gaahl».

Det var etter at tiltalte hadde forklart at han blei angripen og handla i naudverge, at han lanserte teorien om 40-åringen skulle ta han.

I føremiddag fekk også retten vist eit beger som blir nytta til terningspel. Då tiltalte såg at den fornærma blødde kraftig, gav han berget til han. Aktor Ronny Iden spurde tiltalte om at han hadde sagt til fornærma at han skulle samle blodet hans. Dette avviste 28-åringen:

— Eg gav han begeret for at han ikkje skulle grise til.

Under heile forklaringa heldt tiltalte fast ved at han ikkje hugsa kva som skjedde etter at han svima av, og til han fann seg sjølv att ståande på golvet medan 40-åringen sat med sterke skader i ein stol.

- Kan bli ekstremt sint

På spørsmål frå aktor vedgjekk tiltalte at det var eit stort misforhold mellom hans eigne skader, og skadene den fornærma blei påført.

— Kan du ha blitt så sint at det svartna for deg?, ville aktor vite.

— Nei, eg var mest overraska over å bli angripen.

— Har du eit generelt problem med sinne?

— Nei, det skal ganske mykje til før eg blir sint. Men når eg blir sint, kan eg bli ekstremt sint, svarte tiltalte.

AKTOR: Politiadvokat Ronny Iden <br/>FOTO: TERJE ULVEDAL
TILTALT: Vokalisten Gaahl nekta skuld da rettssaka mot han starta i dag.<br/>FOTO: TERJE ULVEDAL