Sjefen seier først nei. Han får ikkje fri, det er altfor mykje å gjere på jobb. Men den 28 år gamle taktekkaren Roy Helge Aaberg gir seg ikkje. Friluftsmannen har fått ein førespurnad han ikkje kan seie nei til.

Tanta og onkelen driv båttrafikk på Gjendesvatn, og skal bygge ny kai. Derfor skal ein arbeidsgjeng og to Airlift-helikopter frakte betong frå Gjendesheim til Gjendesbu om fredagen. Roy Helge er spurd om å vere med.

— Kven seier nei til å fly helikopter i Jotunheimen i lag med andre fjellfolk?

Ikkje den karen. Sjefen gir etter.

Turen blir skjebnesvanger. På heimvegen styrtar helikopteret mellom Torholmen og Tyin hotell. Dei er tre mann om bord. Ein døyr, to overlever. Den eine er Roy Helge, som dei neste timane skal gjennomleve sitt livs mareritt.

— Vi menneske anar ikkje kva krefter som bur i oss før vi blir sette på prøve, seier Roy Helge til BT.

Neste månad er det sju år sidan ulykka, som lamma han frå armholene og ned. Underarmane vart også lamma. Roy Helge har ikkje forsont seg med lagnaden, men lært seg å leve med han. I dag er 38-åringen tobarnsfar og gründer.

Alt blir kvitt

Det er litt vind, lett skodde og ein temperatur rundt null grader i Jotunheimen, den 24. april, 1998. Arbeidet går greitt, stemninga er høg. Han hugsar at pilotane song til kvarandre på VHF-radioen.

Utpå ettermiddagen er oppdraget utført, og Roy Helge skal få skyss heim til Årdal over Eidsbugarden med det eine helikopteret. Han sit seg i baksetet.

Skodda blir tjukkare og tjukkare, og det er vanskeleg for piloten å orientere seg. Til slutt må maskina gjere vendereis til Tyinholmen. Piloten prøver deretter å navigere etter telefonpålane på den ubrøytte vegen til Tyin hotell.

— Men skodda er vanvittig tjukk; det blir berre verre og verre. Alt er kvitt.

Til slutt står helikopteret stille i lufta. Snø, is, himmel og jord, alt går i eitt. Piloten får «white out». Dei veit ikkje kor dei er, ser ikkje nærmaste telefonstolpe eller bakken under. Motoren jobbar, aluminumskroppen ristar.

No kjem angsten. Suget i magen.

Piloten misser kontrollen over maskina. Helikopteret går rundt og rundt og rundt. Det er som å køyre karusell i helvete.

Like etter deisar Airlift-helikopteret i bakken. Klokka er like før 17.30. Fastklemd i fire timar

Helikopteret tippar over på sida, rotorblada slår i bakken og knuser motoren. Girboksen losnar, susar som eit prosjektil framover i cockpiten, og treffer nakken til Roy Helge.

Det neste han hugsar er at han sit fastklemd og framoverbøygd, med hovudet mellom knea. Det dryp blod ned på hendene hans.

Han kan ikkje røre seg. Han har store smerter og frys. Han minnest den veldige tørsten, eit teikn på sjokk.

Den andre personen i helikopteret er blitt slengt ut av helikopteret, hardt skadd. Han prøver fånyttes å tilkalle hjelp over radio og mobiltelefon. Tredjemann er igjen i vraket. Han er død.

Ein halv time etter styrten kjem ein beltebil tilfeldigvis fordi. Gjengen om bord skal inn til Tyin hotell for å vaske og rydde etter påskegjestene, og har sett dei blinkande lysa frå halerotoren.

Beltebilen fraktar først den lettast skadde inn til hotellet. Roy Helge blir aleine igjen med den omkomne.

— Det var lange førti minutt. Eg var utruleg redd. Alt var så stille.

Timane går. I det fjerne høyrer han dur frå helikopter- og scootermotorar, men ingenting skjer. Uvêr, skodde og mistydingar gjer at det går fire timar før redningsmannskapa kjem fram.

— Eg kom til eit punkt der eg tenkte at det beste er å få sleppe. Der og då ønskte eg å døy. Det ville vere ei frigjering.

Møter forloveden

Så, endeleg, kjem ein scooter med dei første redningsmannskapa. Det tek ein time å skjere Roy Helge ut av vraket.

Dødslengten forsvinn. No veit han at han kjem til å leve. Denne vissa skal bli Roy Helges fremste drivkraft på den lange vegen tilbake til livet.

Han blir strekt ut, lagt på båre og frakta i beltebil til Tyin hotell. Så vidare i ambulanse til Årdal, der han så vidt møter forloveden Merete.

Ho følgjer etter Luftambulansen i bil til i Bergen. Halv eitt om natta er Roy Helge framme på Haukeland sjukehus, sju timar etter at ulykka skjedde. Han er sterkt nedkjølt, kroppstemperaturen er nede i 27 grader.

Men han er i god psykisk form. Han gir detaljerte forklaringar til havarikommisjonen, og ringjer familie og vener frå sjukesenga. Legane er imponerte.

Prøvane viser ein knusingsskade mellom femte og sjette nakkevirvel. Ryggmargen er heilt avriven. Men beskjeden om at han er blitt lam frå armholene og ned, prellar liksom av.

— Gleda over å vere i live var likevel størst, seier Roy Helge til BT.

Men marerittet er ikkje over.

Kunstig koma

Den fjerde dagen skal nakken opererast for å stabilisere brotet. Lungene tåler ikkje påkjenninga. Roy Helge får kraftig lungebetennelse, hamnar i respirator og blir liggjande i kunstig koma i dagevis.

Han kan verken røre seg, snakke eller kommunisere då han vaknar igjen. Han klarar berre å blunke med auga. Han må til og med lære seg å puste på nytt, og minnet er vekke.

— Det var som om kroppen min hadde fortrengt alt, og eg lurte på kva som hadde skjedd. Bror min måtte rekonstruere bileta for meg, fortel Roy Helge til BT.

For ei dryg veke sidan hadde arbeidskaren på 193 cm bore ein sytti kilos papprull på skuldra opp ein stige. No klarar han knapt å løfte sin eigen arm opp til brystet, og må få hjelp til å legge armen ned att.

Gifter seg i rullestol

31. mai 1998 blir Roy Helge flytta til Spinalenheten på Haukeland. Her blir han i elleve månader. Kvar dag trenar han for å lære den «nye» kroppen sin å kjenne. I periodar bur Merete og sonen Kim Andre, som den gongen var fem år, hos han.

To månader etter ulykka klarar Roy Helge å røre handleddet igjen. Då grin han for første gong etter ulykka.

Merete og Roy Helge bestemmer seg for å gifte seg så snart han klarar å sitje oppreist i ein rullestol. Bryllaupet står i næraste kyrkje fire månader etter ulykka.

Berre dei aller nærmaste er inviterte. Men kyrkja er nesten full av vener, slektningar og sjukepleiarar.

Endeleg kan Roy Helge flytte heim igjen til familien i Årdal. Kommunen har gjort klar eit hus med både automatiske dører og heis, men den bratte sognebygda er lite rullestolvenleg. Etter ei tid bestemmer familien seg for å flytte til heimbygda til Merete.

— Vi tok skrittet, og bygde nytt hus i Sogndal sentrum. Sidan eg ikkje kjem meg rundt så lett, ville vi bu slik at det er lett for andre å stikke innom. Og så slepp eg å bruke bil heile tida. Skal eg ein tur på puben eller senteret, kan eg ta stolen.

Er blitt pappa igjen

14. april, 2002, blir Roy Helge far for andre gong. Jenta får namnet Marita.

I dag er Roy Helge i ferd med å etablere firmaet Rojostyle, som spesialdesignar fritidsklede for rullestolbrukarar. Dongeribuksa han har på er frå eigen kolleksjon, og er sydd i sitjande passform.

— Det som finst i dag har ofte ein viss «trygdelook» i mørkeblått eller spygrønt. Men akkurat som gåande vil gjerne vi óg kle oss fint. Særleg for unge menneske er dette viktig, seier gründeren til BT.

Livet er ikkje som før. Heller ikkje sorgene - eller gledene. Aldri har han vel vore så hoppande, lukkeleg glad som første gong han klarte å rygge bilen med tilhengjar inn i garasjen, og deretter kople tilhengaren ifrå - åleine.

— Der og då erklærte eg meg frisk. Eg svevde i fleire dagar etterpå. Utfordringane ligg på eit heilt nytt plan etter ulykka.

Han leitar fram eit eldre bilde av seg sjølv og sonen Kim Andrè. På fotografiet ligg dei på golvet og byggjer Lego i lag.

— Dette saknar eg mest: Å kunne ta del i leiken til ungane mine. Vere med dei i skibakken, gå i fjellet saman. Dét er sårt for meg. Heilt sikkert for dei óg.

Særleg rundt påsketider er det vondt for den tidlegare fjellmannen og breføraren. Då merkar dei næraste at Roy Helge forandrar seg, og blir meir inneslutta.

— Det er tøft å sitje igjen, når resten av familien reiser på påskefjellet for å gå på ski. Då blir eg minna om at eg ikkje kan vere med på det same som før.

«TERRENGEN»: - Denne brukte eg fire år på å krangle meg til, seier Roy Helge. Med den firehjulsdrivne «Terrengen» kjem den tidlegare fjellmannen seg fram i ulendt terreng. FOTO: PRIVAT
VRAKET: Airlift-helikopteret var av typen Eurocopter AS 350. Havarikommisjonen fann ikkje tekniske feil ved helikopteret. FOTO: PRIVAT<p/>
KRITISK: Han tilbrakte elleve månader på Haukeland sjukehus etter ulykka. Etter ein operasjon gjekk han inn i klinisk koma. FOTO: PRIVAT<p/>
OVERLEVDE: - Alle tenkjer at «dette skjer ikkje meg». Eg er eit levande bevis på det motsette, seier Roy Helge Aaberg i Sogndal. 38-åringen vart lam etter ein dramatisk helikopterstyrt på Tyin ved påsketider i 1998. <p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH