15. desember sank skyssbåten til geitebonde og postmann Nils Kjetil Eikemo i uvêr. Båten "Silvana" har vore sjølvaste livsnerven for geitebøndene på dei veglause gardane på nordsida av Åkrafjorden i Etne.

I haust blei det også kjent at Posten ville leggja ned postruta til Eikemo, noko som fekk brei mediedekning både lokalt og nasjonalt.

Men på sjølvaste julaftan, lanserte Hans Olav Tungesvik kronerullinga som han håpar kan snu krisa.

— Eg vakna dagen etter den tragiske meldinga om at skyssbåten "Silvana" var gått til botn. Eg måtte berre gjera noko. Båten er sjølvaste livsnerven deira, seier Tungesvik til BT.

Reparasjon eller ny båt

Til avisa Grannar fortel han at pengane som kjem inn skal gå til å dekka utgifter til heving, reparasjon eller eventuelt ny båt som ikkje blir dekt av forsikringa eller andre ordningar.

— Det er heilt uavklart kva heving, reparasjon og eventuelt ny båt vil kosta, men det er klart at dei vil trenga hjelp til å dekka det forsikringa ikkje dekkjer, seier Tungesvik.

1000-kronersrulling

Då han sjekka kontoen i forgårs var det komen inn kring 6000 kroner, men han har tru på at Eikemoaksjonen vil gje større resultat sidan det har vore mange raude dagar på kalenderen og stengt i banken sidan julaftan.

— Eg kallar det ein 1000-kronersrulling, men det er høve til å gje mindre beløp også. Dette er ein særdeles veleigna måte til å visa aktiv støtte til innbyggjarane på Eikemo etter den krisa dei har kome i, seier den tidlegare stortingsmannen.

Heilt på botnen

Havariet 15. desember var det andre på kort tid for båteigar Nils Kjetil Eikemo. For han er innsamlingsaksjonen ei positiv melding.

— Får eg ikkje hjelp, har eg ingen sjanse til å klara dette. Eg har mista to båtar i uvêr på 13 månader, og har brukt mykje av privatøkonomien til å setja dei i stand, seier han til lokalavisa.

Han er glad for initiativet frå Hans Olav Tungesvik.

— Det betyr forferdelig mykje for oss. Natt til julaftan sank båten til fleire hundre meters djup. Eg reknar ikkje med å sjå han att, seier båteigaren.

Også for nabo og geitebonde Geir Arne Eikemo gjev kronerullinga ny giv.

— No har me bokstavleg tala vore heilt på botnen. Kronerullinga gjev oss mot til å eksistera vidare på Eikemo, seier Geir Arne.

Omskriving av julesong

Idag er dei tre gardar på Eikemo som leverer kring 100.000 liter geitemjølk i året. Båten "Silvana" har frakta mjølken tre gonger i veka og henta kraftfôr kring annakvar veke.

— Silvana har vore alt for oss. Skal me eksistera og driva gardsbruk her inne, er me heilt avhengige av båt, seier Eikemo.

Midt i elendet varmar det hjartet hans at storsamfunnet bryr seg om at det er liv og lys i vindauga på Eikemo. No har nemleg Posten kome med melding om at dei ikkje vil seia opp postruta til Eikemo frå nyttår, slik dei varsla i haust. Dei vil gå i dialog med oppsitjarane på Eikemo om ei løysing.

— Det er godt at storsamfunnet ser at det også bør vera liv i dei små grendene. Det ville vore trist om dei måtte skriva om ein av dei vakraste julesongane me har – "Det lyser i stille grender", seier geitebonden.

GLAD FOR OMTANKE: Geitebonde Geir Arne Eikemo set stor pris på kronerullinga. - Det varmar når me opplever slik omtanke, seier Eikemo.
Thomas T. Kleiven
PÅ BOTN: Båten "Silvana" har frakta tonnevis med geitefôr og kring 100.000 liter geitemjølk i året. Då båten sokk i uvêr i Åkrafjorden 15. desember, såg det håplaust ut for bøndene på Eikemo.
Geir Arne Eikemo