Fredag blei det klart at fødeavdelinga på Eid skal leggjast ned, og at ei jordmorstyrt fødestove skal erstatte dagens tilbod.

**Les også:

— Eit ran av pasientar**

Ei av dei mange som no er bekymra for fødetilbodet er Anita Oppheim Erdal frå Stryn. For to dagar sidan fekk ho og Øyvind Aahjem sin førstefødde, ein gut, på Nordfjord sjukehus.

— I utgangspunktet vil eg ikkje føde på ei jordmorstyrt fødestove. Eg vil kjenne meg trygg. Då vil eg ha tilbod om smertestillande, og vite at det er råd å få keisarsnitt om det skulle vere nødvendig. Eg tenkjer faktisk at dersom alternativet er ei slik fødestove som det no blir lagt opp til her, kan eg like godt føde heime.

Far Øyvind kjem opphavleg frå Åheim i Vanylven på Sunnmøre, ein av dei kommuane der mange innbyggjarane no får lang reiseveg til sjukehus.

— Eg forstår svært godt dei i Ytre Nordfjord og i min eigen heimkommune som er uroa over at fødeavdelinga her på Eid blir avvikla, seier han.