I 20 år har Soltveit selt billettar til reisande over Salhusfjorden. Først i billettbua for ferga mellom Steinestø og Knarvik, og frå 1994 som bomvakt på Nordhordlandsbrua.

Ho har skaffa seg tryggleikskurs for båt og ferje, men manglar fartstid. Synet er ikkje godt nok til buss-sertifikat, sa legen sist ho spurte. Framtida er uviss og alvoret sig på.

— Siste veka er tung. Vi sit her med litt vemod og tårer i augo.

Men Soltveit let ikkje tungsinnet styra lenge om gangen. Trafikantane er ekstra hygglege i kveld.

— Folk flest bryr seg, og lura på kva vi skal gjere på i vårt neste liv, seier ho.

— Eg kjem kanskje igjen og spøkjer litt for deg, trugar ho ein bilist som spør.

Soltveit trivest i billettbua.

— Me har hatt det så etande godt her i så mange år - seier ho, og ler til godsvognssjåføren som spør om ho skal bli bussjåfør, - så me er litt sære.

Brua har vore ein suksess. 6000 reisande i døgnet var det då Soltveit byrja. No passerer nesten dobbelt så mange. Alle vane med å stogge og betale for å passerer, så Soltveit er spent på kor fort bilistane lærer at bomstasjonane er nedlagt.

— Eg kunne godt tenkt meg å vere fluge på veggen og sjå korleis det går.

Dei faste trafikantane kjenner Soltveit. Ettermiddagsrushet går mot slutten, og ein bilist tek seg tid til ei ekstra helsing:

— Dette er siste gangen eg ser deg i luka, så takk for god service.