— Eg kan ikkje tru at dei finn på å seia opp ein sånn gjeng som dette. Mange augepasientar vil mista sitt einaste tilbod, seier Oslomannen Geir Michelsen til Bergens Tidende.

I over tjue år har han vore pasient ved Øyeavdelingen ved Haukeland Sykehus. Difor vart han uroleg då han fekk vita at sengeposten ved avdelinga skal leggjast ned.

Han ser på nedlegginga som ei heilt vanvittig avgjerd.

— Vi som er augeoperert treng oppfølging både før og etter operasjon. Det er greitt nok å bu på hotell, men i samband med operasjonen må vi liggja på sengeposten. Det er veldig viktig å ha sjukepleiarar som har kunnskap om augebehandling. Som augepasient blir vi nøydd til å sjå på kva som blir gjort. Det krev ei heilt særeigen oppfølging frå sjukepleiarane, meiner han.

«Fremst i landet»

Michelsen meiner at avdelinga like godt kan leggjast ned, dersom den ikkje får behalda sengeposten.

— I løpet av mine mange operasjonar har eg gått mellom dei ulike sjukehusa i landet. Eg meiner at ekspertisen på Øyeavdelingen på Haukeland er den fremste i landet, meiner Michelsen.

Gjennom åra har Geir Michelsen hatt problem både med netthinna og hornhinna. Etter operasjonane på Haukeland Sykehus ligg han no i grenseland til å få tilbake sertifikatet han mista som følgje av augeproblema.

— No håpar eg i det minste på å behalda synet på det eine auget. På Ullevål Sykehus nektar dei konsekvent å utføra operasjonane. Dei tør ikkje. På Haukeland er det fantastiske legar som eg veit kan hjelpa meg. Eg har full tillit til sjukepleiarane òg, fortel Michelsen.

10-12 operasjonar

Mellom ti og tolv gonger har Geir Michelsen vore operert ved Øyeavdelingen. Denne veka var han igjen tilbake i Bergen for å operera hornhinna for tredje gong. Under opphaldet i Bergen bur pasientane delvis på pasienthotellet, og delvis på sengeposten ved avdelinga. Då Michelsen venta på legen for å bli skrive ut torsdag, merka han at det var ei opprørt stemning på avdelinga.

— Eg registrerte at det skjedde noko som eg ikkje fekk heilt tak i. På meg verka det som om avdelinga skulle gå til streik. Folk stod og diskuterte. Ved poliklinikken var det samla mykje personale som stod og diskuterte høglytt, forklarar Michelsen.

— Dette kjem jo til å bli eit fullstendig galehus, var ein av kommentarane Michelsen beit seg merke i.