LENA VERMEDAL

— Barna får absolutt større kjensle av meistring.

Det seier lærar for førsteklasse ved Sagvåg skule, Kari Tangedal Almås. Sjølv om IKT er in for tida, er det ikkje over og ut for blyant og papir. Førsteklassingane brukar begge delar.

— Det er enklast å skriva på data, seier Håkon Skogseide.

— Data er kjekkast, seier Mona Risnes til Bergens Tidende.

Klassestyraren er ikkje i tvil.

— Eg trur ungane tidlegare får ei oppfatting av det skrivne ord. Eg følar dei lærar lettare. Dei motorisk svake klarer å få til mykje meir.

— Å skriva og sjå at bokstavane blir fine. Det er ein motivasjon i seg sjølv, seier kollega og klassestyrar Annbjørg H. Luggenes.

Førsteklassingane ved Sagvåg skule får boltra seg på datamaskin ein halvtime kvar i veka.

Rektor Lars Bakka er likevel snar til å presisera at skulen praktiserer ein «Trageton light versjon».

— Me prøver å treffa den einskilde elev. For ein elev er det riktig å skriva seg til lesing. For andre må me trena meir på lyder. Det finst ikkje eit svar på leseopplæring, men fleire metodar, seier Bakka.

FORFATTARSPIRER: Førsteklassingane Mona Risnes og Andre Vikanes er i full sving med å skriva setningar på datamaskin. - Det går som ein leik, skryt lærar Kari Tangedal Almås på Sagvåg skule. IKT spreier seg som ein farsott også i småskulen.<p/>FOTO: LENA VERMEDAL