— Eg har sete 19 dagar i fengsel utan å få vete noko som helst. Det er eit bevis på at årsaka til at eg blei arrestert ikkje har noko å gjere med at eg oppga å vere student istaden for journalist. Dette var ei sak som kunne omhandle mistanke om spionasje, seier Lidal til NRK.

Fredag blei det kjent at den 28 år gamle frilansjournalisten og studenten er sleppt fri og har reist frå Jemen, etter at han blei arrestert i hovudstaden Sana’a i mars.

19 dagar i uvisse

28-åringen kom til München natt til laurdag, etter 19 dagari fengsel i Jemen. Han vil førebels ikkje seie noko om korleis han har blitt behandla i fengselet.

— Det er av hensyn til vener i Jemen som kan bli behandla dårleg dersom eg seier for mykje, seier Lidal.

Til NRK seier han at han var særs redd då han var i fengselet.

— Eg visste ikkje om det kom til å bli veker, månader eller år. Eg var veldig redd. Særskilt på grunn av bombeangrep nær fengselet.

Kjem heim sundag

28-åringen kjem etter planen til Noreg sundag.

— Han kjem heim med flyet på i morgon, seier far til Raymond Lidal, Anton Lidal til BT.

Far til den 28 år gamle studenten seier sonen treng kvile.

— Han har hatt ei oppleving som er veldig vanskeleg. Han vil helst ha fred og ro, seier Lidal.

Han snakka sist med sonen sin laurdag føremiddag.

— Då var han på hotellet sitt i Tyskland og slappa av. Alt tatt i betraktining har han det greit.

I Jemen på studentvisum

Lidal, som kjem frå Bømlo, skal ha blitt arrestert mellom 28. og 29. mars medan han filma i Sana’a. Lidal avviser at han blei arrestert fordi han oppga å vere journalist.

— Dette handlar om mistankar om spionasje, seier Lidal til NRK.

28-åringen har tidlegare jobba for mellom anna NRK. Han har også jobba for Bergens Tidende i Jemen, der han fortalde om korleis Shaima Tusufs nye liv var etter at ho og familien vart tvangsutsendt.

Letta

Bror til Raymond Lidal, Kenneth Lidal, seier det er for tidleg å kommentere at broren er sleppt fri.

— Me veit førebels lite om kva som har skjedd. No fokuserer me bare på at han skal kome heim.

— Det er klart me er veldig letta over at han no er fri. Me er enormt takksame for all hjelp me har fått. No ventar me bare på at han skal kome tilbake, seier broren.

For 28-åringen sjølv er Jemen eit tilbakelagt kapittel.

— Slik situasjonen er no, kjem eg absolutt ikkje til å reise tilbake i nærframtid, seier Lidal.