• Eg hadde gjeve opp. Då såg eg kona mi og dei to jentene våre. - Ikkje forlat oss! ropte dei til meg.

Reinhard Bernhard Seggewiss er overtydd om at han har ein skytsengel. — Det er eit under at eg er i live, seier han.

Det var sundag kveld dramaet skjedde. I Romarheimsdalen, på veg sørover E 39.

— Eg køyrde ei trekkvogn som skulle til Bergen for å henta last. Meininga var å overnatta i styrehuset på trekkvogna om natta. Neste dag skulle eg festa på lastevogner og køyra til Haakonsvern med båtmotorar.

Men Reinhard Bernhard Seggewiss, 47, kom aldri fram til Bergen sundag kveld. Det vil seia, han nådde Bergen til slutt, men ikkje på den måten han hadde tenkt.

Utan førevarsel

— Eg og familien min har budd to år i Noreg. I Sande i Sunnfjord. Vegdn sørover mot Bergen har eg køyrd hundrevis av gonger. Undervegs viste temperarturmålaren 4 til 6 plussgrader, så alt verka normalt. Eg hugsa at temperaturen i Masfjordtunnelen var 4 grader. Alt såg ut til å gå heilt fint. Farten var kring 70 km. i timen.

— Men så skjedde alt så brått og heilt utan førevarsel. Trekkvogna kom ut av kontroll og støytte mot rekkverket. Så slo ho over og hamna i vatnet. Rett gjennom ca. 10 cm. tjukk is. Vi har øvd på glattkøyring hjå firmaet mitt i Oslo, men noko slikt har eg aldri før vorte ute for.

- Hamna heile trekkvogna med styrehuset under vatn?

— Trekkvogna gjekk rett til botn, og styrehuset vart fylt av vatn med ein gong.

Hugsar ingenting

- Kva gjorde du då?

— Eg hugsar nesten ingenting av det som skjedde etterpå. Alt vart mørkt. Ingen lys fungerte. Eg prøvde å opna vindauga i døra, men det nytta ikkje. Vindauga går berre elektronisk. Etter at eg var berga, fekk eg vita at frontruta var knust. Altså må eg ha kome meg ut den vegen, men korleis, det hugsar eg ikkje. I styrehuset har eg alltid med meg ei fiskestang og ein liten metallkoffert med fiskeutstyr. Du veit, slikt er greit å ha med når du ventar på ei ferje. Eg kan ha delja metallkofferten mot frontruta og knust henne, men noko minne om det har eg ikkje.

Dei ropte til meg

Seggewiss fortel at han var i ferd med å gje opp.

— Då såg eg ein engel framfor meg. Og så såg eg også kona mi, Ute, og dei to jentene, Hannah og Esther. Dei to er 11 og 13 år gamle. Dei strekte armane ut mot meg og ropte: Du kan ikkje forlata oss no! Det må ha gjeve meg dei kreftene som skulle til for å koma ut og opp til overflata.

Då Reinhard Bernhard Seggewiss kom opp til overflata i Nipetjørn mellom isflak og sørpe, stod det ein mann inne på land. Seggewiss trur at avstanden inn til stranda kunne vera ca. 15 meter, og mannen på land måtte og ut i vatnet for å hjelpa Seggewiss opp. Så kom dei seg opp den 4-5 meter høge skråningen til vegen att. Der vart Seggewiss teken godt hand om i ein buss som kom køyrande. Det vart ordna med ambulanse til Bergen, og Seggewiss fekk ein natt på sjukehuset. Men han vart ikkje alvorleg skadd i ulukka.

Jul i Tyskland

  • Eg fekk visst knekt tre ribbein. Og så har eg nokre skrubbsår. Elles ingenting. Eg kan ikkje få rosa nok dei som kom til hjelp. Åleine hadde eg ikkje greidd å koma meg til lands, så eg hadde nok ikkje vore i live no dersom ikkje bergingsmannen hadde kome til så fort.

Etter dramaet i Nipetjørn kjem Reinhard Bernhard Seggewiss til å ta det med ro ei tid. Men han seier at han ikkje vil ha angst for å køyra tungtransport att på norske vintervegar. Til jul dreg familien heim til Tyskland, til ein liten by som heiter Rhede, i forbundslandet Nordrhein-Westfalen.

**Les også:

Heiste trekkvognen opp av isen**

DRAMATISK: Trekkvognen gikk til bunns, mens Seggewiss klarte å komme seg ut. Han lå i vannet og ropte om hjelp da andre bilister kom til. Foto: Erlend Spurkeland