— Eg må bruka tida framover til å tenkja grundig gjennom om eg skal ta attval på årsmøtet i februar, for det eg opplevde på nominasjonsmøtet laurdag var rett og slett sterk mistillit mot meg personleg.

Steinulf Tungesvik (42) har det tungt akkurat no. Men han forsikrar at han korkje er bitter eller hemnlysten etter nederlaget. Men det svir. Like til han kom på møtet, ante han ingenting om kampanjen som snudde opp ned på tilrådinga frå nominasjonsnemnda.

- Kviskrekampanje

— Eg var vitne til ein uryddig organisasjonskultur. På den eine sida hadde nominasjonsnemnda ei samrøystes innstilling med meg på førsteplassen. Like fullt fekk eg vita at lokallaga til fleire av dei som var med i nemnda arbeidde bak kulissane for ei heilt anna løysing, seier han.

— Har du prov på at dei reid to hestar?

— Ja, det har eg. Fleire av dei som var med på aksjonen, har sjølv fortalt meg korleis det heile vart organisert med SMS og telefonering. Det var reine kviskrekampanjen, slik at fylkespartiet vart geografisk delt. Indre Hordaland stod mot kystregionane, akkurat slik det skjedde i nominasjonsstriden for åtte år sidan. Då måtte det loddtrekking til for å kåra førstekandidaten. Eg tek det derfor som uttrykk for sterk mistillit når eg som fylkesleiar ikkje fekk det minste nyss om kva som gjekk føre seg i løynd. Hadde det derimot vore ein open kamp, hadde det ikkje vore problematisk for fylkespartiet og meg, uansett resultat, seier Tungesvik.

Klandrar ikkje Toppe

— Om du ikkje er bitter, så skjønar vi at du er svært vonbroten?

— Mest av omsyn til partiet som var geografisk delt, og av omsyn til partikulturen. No får eg i det minste eit meir stabilt familieliv og kan satsa heilt og fullt på arbeidet som advokat, seier han.

Steinulf Tungesvik ber ikkje nag til Kjersti Toppe, som sigra med ei fattig røyst.

— Ho er ein flott førstekandidat for Senterpartiet. Vi har fått ei sterk og breitt samansett liste, og det er ikkje ho som er syndebukken. Men ho får ein tøff og viktig jobb med å byggja bru i fylkespartiet, seier Tungesvik.

Han har alt oppmoda Kjersti Toppe til å leggja ut på turné til alle kantar i fylket for å samla partiet før valkampen startar.

— Er det nokon politisk avstand mellom deg og henne?

  • Nei, men vi har nok litt ulike interessefelt. Eg har arbeidd på eit noko breiare felt, med rikssaker for Hordaland og alle andre landsdelar, medan ho i hovudsak har arbeidd med lokale og regionale saker gjennom bystyret og fylkestinget.

- Litt jantelov òg

— Har tanken slått deg at du kanskje tapte fordi du er nokså fersk i Hordaland Senterparti?

— Ja, den har det. Litt jantelov spelte nok inn, ettersom eg har vore rikspolitikar med brei politisk røynsle og som vende heim for eit halvår sidan. Nokre mistenkte meg nok for å ha litt for store tankar om ny rikspolitisk karriere.

No meiner Tungesvik det trengst ei grundig evaluering av det partiet opplevde.

  • Vi må drøfta kva rolle nominasjonsnemnda skal spela, for vi kan ikkje fleire gonger ha det slik vi var vitne til denne gongen, seier han.
Rune Sævig