— Kommentarane har strauma inn i dag. Det var ein som kommenterte under videoen på Facebook at han fekk valdsam heimlengsel då han såg videoen på nettet, seier Brevei Pettersen.

Ho og resten av familien er på besøk i Bergen i helga frå Porsgrunn for å spele kyrkjekonsert. Då ho vakna til sol og blå himmel laurdag, bestemte ho seg for å gjere noko ho har drøymt om i mange år. Ho pakka ned sitaren og og tok med familien til toppen av Ulriken.

— Overveldande respons

Brevei Pettersen er sjølvlært på det litt uvanlege instrumentet.

Eg syns det er eit heilt fantastisk instrument

Ragnhild Brevei Pettersen

— Eg fekk min fyrste sitar for halvanna år sidan, og syns det er eit heilt fantastisk instrument, seier ho.

At det var Nystemten ho skulle spele på toppen, var sjølvsagt inga tilfeldigheit.

— Bergen er utan tvil den vakraste byen i heile Noreg. Nystemten er jo nasjonalsongen til Bergen, og den handlar om å ta med seg sitaren til toppen av Ulriken.Den spontane konserten laurdag føremiddag, fekk mykje merksemd av nyfikne turgåarar.

— Det var mykje folk som stoppa for å sjå. Etter at eg var ferdig var det mange som fortalte at dei var imponerte og at det var stilig å ta med seg sitaren på Ulriken og halde konsert. Responsen var rett og slett overveldande.

Populær på Facebook

Mannen hennar, Arvid Pettersen, filma den vetle konserten på toppen.

— Det er eigentleg ganske typisk ho å gjere noko slikt. Ho er veldig spontan og impulsiv. Og ho kunne ikkje valt ein betre dag å gjere dette på. Bergen har vore heilt fantastisk denne helga, seier Pettersen.Då han kom tilbake frå fjellet bestemte han seg for å publisere videoen på Facebook.

— Det var så mykje positive reaksjonar på toppen at eg bestemte meg for å leggje vdeoen ut på nettet.

På nokre timar er videoen sett over 1200 gonger.

— Det er jo kjempemoro og noko eg absolutt ikkje hadde rekna med. Kanskje eg må gjere dette oftare, seier Brevei Pettersen.