I hjørnet står to campingsenger tett i tett. På bordet, ved sidan av eit fat med fiken og dadlar, ligg ei oppslått Donald-bok. Tysdag vart dåpssakristiet i ei kyrkje i Bergen omgjort til ein heim.

Ei russisk kvinne gjekk i kyrkjeasyl med sin elleve år gamle son. Den vesle familien har fått endeleg avslag frå Utlendingsnemnda (UNE) på asylsøknaden, og skulle ha vore ute av landet 17. april.

I staden gøymer dei seg for norsk politi i ein kyrkjekjellar i Bergen.

— Dette er absolutt siste utveg, seier den 30 år gamle mora på gebrokkent engelsk.

Menneskerettsforkjempar

Ute lyser maisola. På sundag, når kyrkja er fylt opp av konfirmantar og bunadskledde gjester, blir døra i dåpssakristiet låst frå innsida. No er det over fire år sidan kvinna tok med seg sonen og flykta til Noreg.

Like før var mannen hennar blitt bortført og drepen. To år tidlegare, i 2008, vart mora skoten på open gate.

30-åringen er ikkje i tvil om at dei vart drepne på grunn av arbeidet hennar. I heimlandet jobba ho for ein menneskerettsorganisasjon med særleg ansvar for å oppspore forsvunne personar. Fleire kollegaer er blitt likviderte, fortel ho, andre har fått asyl i Tyskland, Frankrike og Sveits.

Men UNE reknar det som lite sannsynleg at familiemedlemmene vart drepne som følgje av jobben hennar. UNE meiner også at kvinna i beste fall var marginalt tilknytt organisasjonen, og at det er trygt for mor og son å reise tilbake. Berre tanken får tårene til å renne.

— Eg er redd for å bli drepen, seier ho.

Brannvakt om natta

«Opptatt. Bank på». Orda heng på eit kvitt papir på døra til dåpssakristiet. Det har aldri budd asylantar i denne kyrkja før. Av omsyn til elleveåringen som går på skule i nabolaget, har BT valt å ikkje opplyse om kva kyrkje familien har søkt tilflukt i.

— Dette er ein heilt ny situasjon for oss, men når nokon treng vern, gir vi dei det. Sjølvsagt ønskjer vi at situasjonen skal løyse seg, men vi kan ikkje gjere anna enn å gi dei husrom så lenge dei har behov for det, seier leiaren i soknerådet.

— Kva praktiske konsekvensar får dette for kyrkja?

— Vi stiller med brannvakter om natta og hjelper sjølvsagt med mat.

- Må ta dei på alvor

Ingen har oversikt over kor mange menneske som bur i kyrkjeasyl i Noreg, men truleg er talet kring 15. Det er tre år sidan sist Bergen hadde kyrkjeasylantar. I oktober 2011 søkte 15 menn frå Iran og Afghanistan tilflukt i Johanneskirken.

— På generelt grunnlag kan eg seie at vi alltid må ta folk i kyrkjeasyl på alvor. Dei opplever at dei er i ein fortvilt situasjon og ser dette som ein siste utveg, seier Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin.

Han understrekar at kyrkjeasyl ikkje er ei ordning Kyrkja på nokon måte legg til rette for.

— Men vi må forhalde oss til menneske som kjem til kyrkja og ber om asyl. Vi må snakke med dei, og vi må realitetsorientere dei. Dei må forstå at kyrkjeasyl ikkje er ei løysing på anna enn kort sikt.

— Kva tankar gjer du deg om at eit barn er gått i kyrkjeasyl i Bergen?

— Det set saka på spissen. Særleg når barn er involvert, må vi ta humanitære omsyn. Vi må behandle kyrkjeasylantar med respekt ut frå ei kristen grunnhaldning, men det betyr ikkje at vi kan hjelpe dei til opphald i Norge, seier biskopen.

Ber om ny behandling

Ingen veit kor lang tid det vil ta før dåpsbarna i kyrkja kan bruke sakristiet igjen. Mor og son har hjelparar både i Bergen og utlandet. Alle jobbar på spreng for å innhente ytterlegare dokumentasjon på at det er farleg for familien å dra tilbake.

Eit omgjeringskrav er snart på veg, og det vil også bli søkt om at mor og son får bli i landet til saka er blitt behandla på nytt.

— Vi blir iallfall i kyrkja til dette er avklart, seier kvinna.

Ingen juleamnesti

— Eg kan ikkje kommentere enkeltsaker, men det er ein uting at enkelte gjer dette for å unndra seg ein lovleg utsending av landet, seier justisminister Anders Anundsen (Frp).

— Politidirektoratet (PD) gjer nå det dei har fått beskjed om. Dei har tatt kontakt med kyrkja for å få avvikla denne måten å handtere menneske som ikkje har lovleg opphald i Norge, seier han.

Det har tradisjonelt vore gitt eit juleamnesti slik at dei ikkje er blitt arresterte om de rører seg utanfor kyrkja.

— Det ikkje bli gitt juleamnesti til kyrkjeasylantar i år, seier Anundsen.