• I forhold til Laila Dåvøy er eg moralsk vinnar i nominasjonsprosessen. Dersom eg tapar neste helg, kan det bli oppfatta som eit linjeskifte i KrF, seier Anita Apelthun Sæle.

Olav Garvik

Om ei veke — laurdag 13. november - samlast KrF-folk i Hordaland til eit nominasjonsmøte som ser ut til å bli eit av dei mest spennande etter krigen. «Slaget» skal stå på folkehøgskulen på Frekhaug.

Sjølv om eit stort fleirtal i nominasjonsnemnda (8-1) har innstilt statsråd Dåvøy på andreplassen på stortingslista, er partiet delt om lag på midten, om vi held oss til forslaga frå lokallaga. Det er duka for rein kampvotering blant utsendingane. Nervane står dermed i høgspenn blant mange av dei involverte.

- Eg er ikkje naiv

Stortingsrepresentanten frå Fjell svarar slik når BT kontaktar henne for å høyra korleis ho taklar presset:

— Eg er iallfall ikkje naiv, for eg veit kor mykje ei innstilling frå nominasjonsnemnda betyr. Men eg har vunne før, eg!

Sjølv om eg har fått mykje god og sakleg pressedekning, har eg sanneleg og opplevd det motsette. Dessutan er det skapt mange merkelege mytar om meg, seier ho.

— Er du blitt plaga med ryktespreiing?

— Det óg, men ikkje så grovt som tidlegare. For nokre år sidan vart det spreidd rykte om at eg var drikkfeldig! Tenk det! seier ho og ler.

- Må eg svara på det?

Anita Apelthun Sæle har stått fram i andre aviser og gitt ros til USAs president George W. Bush, som hadde litt av kvart å læra KrF når det gjeld å ta vare på kjerneveljarane og kjerneverdiane. I intervju med Dagbladet nemnde ho både abortsaka, porno, bøn i skulen og nei til homofilt ekteskap.

— Også vi i KrF må våga å stå fast på hjartesakene våre. Dersom vi tonar dei ned, misser vi dei trufaste kjerneveljarane.

— Er KrF på glid i verdispørsmåla?

— Må eg svara på det?

— Ja, det er derfor BT spør.

— Eg høyrer stadig at det er dei som føler det slik. Derfor må vi stella oss slik at det ikkje er grunn til nokon tvil. Eg har alltid vore oppteken av å ta vare på røtene i partiet. Dersom eg no blir vraka ved nominasjonen, kan det lett bli oppfatta som eit linjeskifte. I perioden før og under sentrumsregjeringa var vi særs flinke til å ta vare på dei verdiane som gav oss så gode valresultat, seier ho og har m.a. Israelsaka og EU-spørsmålet i tankane.

Fordømer ikkje muren

Fredag stod ho fram i Aftenposten og åtvara programnemnda i KrF, som stiller seg kritisk til at Israel byggjer muren på Vestbreidda. Apelthun Sæle meinte at ho har fleire fylkeslag og så å seia heile stortingsgruppa bak seg når ho ber programnemnda med Knut Arild Hareide i spissen stryka setninga som fordømer muren.

— Nøyer du deg berre med ein av dei to første plassane på lista?

— Ja, å hamna lenger nede er det same som å bli vraka.

— Kva vil skje dersom du blir vraka? Kan det vera aktuelt å stilla på ei anna liste?

— Nei, eg har ingen planar om det. Men slaget er for all del ikkje tapt. Hugs at eg i forhold til Laila Dåvøy er moralsk vinnar i nominasjonsprosessen. Då lokallaga fremja forslag, fekk eg flest første- og andreplassar, seier ho.