• Eg er arg på Ranveig Frøiland som legg det ut som om eg har ringt og advare henne. Eg er da ingen forrædar av natur!

Aksel Kloster protesterer på det sterkeste mot den framstillinga Ranveig Frøiland ga Bergens Tidende i tysdagsavisa om telefonsamtalen like før fylkesårsmøtet i Ullensvang.

— Det var tvert imot ho som ringte meg, og det gjaldt andre ting enn årsmøtesaker. Det er definitivt ikkje sant at eg ringte for å advare henne.

Men eg nytta høvet til å si at det så ut til å bli ein maktkamp i fylkespartiet. Det visste eg ut fra den kontakt eg hadde hatt med partikontoret, seier Kvinnherad-ordføraren.

— Eg ber tynt om å få frem denne korreksjonen, for eg har fått sterke reaksjoner fra AUF-folk. Dei trudde at de hadde ein alliert i meg. Eg er da ingen forrædar av natur! Derfor er det livsviktig for meg å tilbakevisa det Frøiland har sagt, legg han til.

Kloster har ellers denne kommentaren til partikrigen i Hordaland:

— Det er eit sjukdomsteikn at leiinga i Hordaland Arbeidarparti nærmast hatar partiungdomen!