— Det første me må gjera er å dingla litt, seier Geir Styve. I høgtidelege høve likar han å å presentera seg som «Bonde. Humørbonde» i beste James Bond-stil, men i dag er det berre Geir. Om han er Noregs blidaste bonde kan sikkert diskuterast, men han er i alle fall den einaste som kan skryta av å ha papir på humøret sitt. Patentet gjekk gjennom no i sommar, fortel han stolt.

Utan meir om og men tek han og odelsjenta/humøropaten Hanna Styve byfolka frå avisa med bort til Mjølkerampen. Der, framfor Bestefarstovo, lyt me la føtene sveva i lufta ei lita stund, for å kjenna på freden, roa og humøret. Snusa på brisen, bestemma fargane på blomane i lag med humørbondebarnebarnet Marius (2), høyra brekinga frå dei tamme villsauane som er landskapsarkitektar på garden.

— Folk dinglar for lite med beina i dag. Det er viktig å berre sitja og venta på at det skal skje noko av og til, fortel humørbonden ®.

Ikkje ein vanleg rideskule

Geir har ikkje alltid vore humørbonde, sjølv om det nok har lege latent i han heile livet. Etter 20 år innanfor forsvaret og næringslivet, tok byggingeniøren og marknadsøkonomen over garden etter foreldra i 1989.

— Det er eit tradisjonelt vestlandsbruk med fem oksar som du berre kan driva så lenge traktoren går og løa står. Umogleg å tena pengar. I området her ute er det utruleg mange som legg ned, forklarar han.

Løysinga blei å finne noko å kombinera drifta med, slik som vestlandsbonden har gjort i uminnelege tider. Fiske og industri var for tamt. I staden valde dei lokalmarknaden og starta Hjelmås Hestesenter, ein plass for barne- og ungdomsarbeid med hest som verktøy. Og det er her odelsjenta har sitt hovudvirke, utanom dei mange aktivitetane jobben som humøropat fører med seg.

— På rideskular er det ofte mykje konkurranse, og det er lett å koma ut med dårleg sjølvtillit, seier Hanna. På Hjelmås er det difor ingen konkurransar og ingen privateigde hestar. Alle rir i små, oversiktlege grupper og tek del i stellet av dei sju hestane. Det viktigaste er samvêret og å ha det kjekt i lag.

Motsett av sutrebonden

Etter kvart utvida dei verksemda med besøk frå skular, barnehagar, bedrifter og turistar. Og ein dag overhøyrde bonden på Hjelmås landsbruksminister Lars Sponheim snakke om sutrebonden på fjernsynet. Geir fekk eit innfall og gjorde eit internettsøk på «sutre» og «bonde». Det gav 360 treff. «Humør» og «bonde» var ikkje nemnt på ei einaste side på heile verdsveven. Meir skulle det ikkje til før humørbonden var fødd.

Dei jobbar i det heile tatt mykje etter innfallsmetoden på Hjelmås. Viss noko verkar som ein god idé, skal ingen få seia at han ikkje held mål før han er prøvd ut. Trass i det slemme, jantelovske Bygdedyret som hugsar alle feil og strør tvil om evner og gode påfunn.

— Det finst for få som tør å komma fram. Derfor er det viktig med oppmuntring for å få dei til å tora og gjera modige ting, som dei sjøl trur på, seier Geir.

I tråd med sin eigen filosofi og vitskap, humørbondologien, gjennomfører humørbonden og gardsfolket hans den eine gale idéen etter den andre. Døme inkluderer figurhopping på trampoline for trøytte byråkratar (øvingane er enkel dameknekk, dobbelt telemarknedslag og golden monkey med lyd), ein hestelortsprettert (den gamle er no utsliten, og ein ny under konstruksjon), PC-kast utan tilløp og ein oppmunt-ring som består av blomsterkasser rundt garden, som ein motvekt mot bompengeringen.

— Mykje betre å prøva ut ein idé med ein gong, så finn du ut om du likar det lenge før du har investert to millionar, meiner Geir og Hanna.

— Viss du vågar, har glimt i auget og litt humor kan du komma utruleg langt! Mykje bra har starta med den ville idéen.

Kurs i frustrasjonsterapi

Det er ikkje lite dei har fått til på det vesle dødsdømte bruket heller. Meir enn 3000 er innom garden kvart år, og 100 born besøker den 28 år gamle hoppa Tone, den blonde fjordingen Silje og dei andre hestane kvar veke.

Humørbonden har ein heil meny av kurs å ta av (blant dei er kurs i nettverksbygging, bedriftsetablering og sjølvsagt dinglekurset på Mjølkerampen), og i nybygde Bestefarstovo kosar både bryllaupsfølgje og slektstreff seg med lokal tradisjonsmat. No i august tek garden del i Kystsogevekene. Ei humørbondologisk bok om det å starta opp for seg sjølv er på gong, og snart byrjar verdas første utdanning for frustrasjonsterapeutar.

Dessutan har humørbonden fått innført oppmuntring som verdi i næringsplanen for Nordhordland i dei neste fire åra. I planen heiter det «Vi må oppmuntre kvarandre, gjere den einskilde god og såleis også utvikle og styrkje dei næringsklyngene vi har lokalt».

— Det er eg litt stolt over, smiler humørbonden forsiktig. Viktigheita av å sjå og bli sett og få og gje oppmuntring er humørbondologiske grunnprinsipp, og di fortare dei vert spreidde til folket, di betre.

Men kva hender når humørbonden, humøropaten og dei andre på garden ikkje er i humør?

— Då muntrar vi kvarandre opp.

Og dersom alle er i dårleg humør samtidig?

— Hmm. Kva gjer me då? Det veit eg ikkje heilt. Eg trur faktisk ikkje det har skjedd enno, seier bonden. Og gliser som for å understreka at humøret som regel er på plass.