STEINAR KVINGE (tekst og foto)

— Dette var jo heilt fantastisk, i løpet av tre kvarter landa me to fine fiskar på 11,5 og 11,8 kilo, og nokre timar seinare sit ruggen på 15,2 kilo på kroken. Eg fekk lyst til å danse på elvebreidda. Du veit det sit i blodet, får ein fisk på kroken så blir ein som ein annan person, seier ein smilande og opplagt Ragnar B. Johannessen.I ein mannsalder har lakse- og aurefiskevore ein svært viktig del av livet hans.

— Eg har fiska sidan eg var gutunge, og har nok halde på i 75 år, seier Johannessen - skikkeleg bete av fiskebasillen.

Elva er på gang att

Veteranfiskaren er frå Bergen, men bur fast i Spania i lag med kona si. Det hindrar han ikkje å ta turen til Lærdal for å prøve fiskelukka. Her har han vore mange somrar, ofte i lag med fiskekamerat oggod venn av familien, Jan Brunvall.

— Lærdalselvi er jo ei perle,rostblant laksefiskarar bådeher i landet og i utlandet. Det er difor svært kjekt å sjå at elva og fisket no er skikkeleg på gang att. Det betyr mykje, både for grunneigarar og lokalsamfunnet, seier Johannessen.

To på tre kvarter

Jørn Brunvall kom direkte frå Frankrike til fiske i Lærdal.

— Eg landa på Flesland natt til måndag, nokre få timar seinare sat eg i bilen på veg til Lærdal. Allereie litt før klokka to sat den fyrste laksen på sluken. Det gjekk ikkje meir enn tre kvarter før Ragnarmåtte i aksjon att. Nok ein flott laks var dregen på land. Ei utruleg flott oppleving, seier Brunvall.Men det stoggaikkje her, litt før klokka ti same kvelden var det klart for verkeleg storfangst.

— Å dra i land ein fisk på vel 15 kilo er utruleg spennande. Han var seig, egjobba med han i nesten ein time, ei stund trudde eg faktisk eg kom til å miste han, seier Brunvall,også han har lang erfaring som laksefiskar.

Bete av basillen

— Eg fekk vere med far min frå eg var 10-12 år, sidan har eg vore bete av basillen, seier han.

I 26 år buddeJan i New York, men om somranereiste han alltid «heim» til Lærdal for å fiske laks.

Førhan returnerte til Bergen tysdag kveld, måtte han berre prøve fiskelukka ein siste gong.

— No har eg fått ein til på nesten ni kilo, dette er berre heilt fantastisk. Eg er skjelven enno, for ei oppleving, dette er betre enn sex, seier ein strålande opplagt Brunvall like etterpå. Lurer du på kven som var kleppar? Sjølvsagt Ragnar B. Johannessen - fiskeveteranen på 86 år.