12 kommunar testa ut elektronisk førehandsrøysting under stortingsvalet. I ti av kommunane låg valdeltakinga over fylkesgjennomsnittet.

— E-val er kome for å bli, slår Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp) fast.

For 30-60-åringane

Ingen andre prøvekommunar hadde høgare valdeltaking enn den grøne øya i Nordhordland. 83,2 prosent tok del, snittet i Hordaland var 80,4.

— Vi er storleg nøgde med dette. Det er veldig klar tale frå innbyggjarane om at dette er eit tilbod dei vil ha, seier Askeland.

Valdeltakinga i Radøy er òg klart betre enn for fire år sidan.

Askeland trur det er dei middelaldrande som føretrekkjer å røyste på nett.

— Ein skulle tru at det appellerte til dei unge. Men inntrykket mitt er at førstegongsveljarane set pris på å gå i røystelokalet, seier Askeland.

Beste på 24 år

No skal ordninga evaluerast i regi av Kommunal- og regionaldepartementet. Askeland er ikkje i tvil om at alle vil kunne få førehandsrøyste på nett om fire år.

— Vi må attende til 1989 for å finne ei så høg valdeltaking. Eg føler meg ganske trygg på at internettrøystinga har medverka, seier han.

Departementet skriv på sine nettsider at det har vore stor oppslutning om internettrøystinga. 70.000 veljarar har røysta på internett i dei 12 kommunane, det utgjer 28 prosent av dei røysteføre.

— Vi registrerer at det var langt fleire som førehandsrøysta i forsøkskommunane enn i landet, skriv kommunikasjonsrådgjevar Anne Marit Schiong i KRD i ein e-post til BT.

Departementet har enno ikkje statistikk for korleis alderssamansetninga var.

— For kommunen er det ein enorm lette å ha førehandsval på internett. Det er enkelt å gjennomføre. Er du student eller bur i utlandet, kan du lett røyste. Val på internett motverkar òg det vi såg døme på i år, at førehandsrøyster på papir kom for seint fram og blei forkasta, seier Askeland.

AV MED HATTEN: Med meir enn 83 prosent oppslutning er ordførar Jon Askeland nøgd med radværingane.
Siri Hardeland (arkiv)