Dette vert eit av hovudargumenta for fylkeskommunen og brukommunane når dei skal marknadsføra Hardangerbrua overfor samferdslekomiteen i Stortinget fram mot våren. Målet er å sikra brua ein plass innanfor Nasjonal Transportplan 2006-2015.

— Utrekningane vi har gjort på kostnad og finansiering, syner at Hardangerbrua med tilførslevegar treng 250 til 350 millionar kroner frå staten i tillegg til fylkeskommunale og kommunale bidrag og bompengar. Men dersom vi føreset at staten i staden for bru vil bruka pengar på å rusta opp ferjesambandet Bruravik-Brimnes til stamvegstandard, så har vi rekna det til 396 millionar kroner for å få til vanleg stamvegstandard, seier prosjektleiar for Hardangerbrua, Kjell Kvåle, til Bergens Tidende.

Press for utbetring

I konsekvensutgreiinga (KU) for Hardangerbrua er eit utvida ferjetilbod drøfta som alternativ til å byggja bru. Dette er gjort etter pålegg frå Vegdirektoratet.

— Vi veit jo ikkje om eller nå staten vil gå inn med pengar for å rusta opp ferjetilbodet, men dersom brua ikkje vert bygt, og ingenting skjer elles, vil det snart verta eit stort press for ei utbetring med nye ferjekaiar og ny veg forbi Bu. Sommartrafikken er svært stor på Bruravik-Brimnes, og mange bilar må stå att på kaien, seier Kvåle.

HSD sin ferjestatistikk for 2003 syner at 15.000 bilar måtte venta på neste ferje på Bruravik-Brimnes. Berre i turistmånaden august stod over 7.000 bilar att. I den månaden var trafikken på Bruravik-Brimnes nesten like stor som på Halhjem-Sandvikvåg, 60.000 mot 64.000 bilar.

Nye ferjer og nye kaiar

I KU er eit utvida ferjetilbod på Bruravik-Brimnes til stamvegstandard ført opp slik:

  • To nye ferjer:

176 millionar kroner.

  • Opprusting av veg frå Brimnes til Busvingane:

122 millionar kroner.

  • Opprusting av ferjekaiane som ligg der i dag, pluss to nye:

98 millionar kroner.

n Sum:

396 millionar kroner.

Framtidig utvikling

I tillegg vil fylkeskommunen overfor Stortinget leggja vekt på at det for Hardangerbrua, nett som for Jondalstunnelen, finst verdiar å kjempa for som ikkje utan vidare høver inn i eit nytte-kost-rekneskap.

— Nytte-kost-utrekningar fangar ikkje vidt nok. Det vert tatt for lite omsyn til framtidig utvikling som eit nytt vegsamband kan føra med seg. For oss vert det viktig å få fram at hovudnæringane i Hardanger, reiseliv, landbruk og smelteverk, strevar med svært låge marginar. Folk flyttar, talet på arbeidsplassar går ned. Dersom vi skal tryggja framtida til indre Hardanger, må vi gjera det lettare for nye verksemder å etablera seg. Brua kan endra indre Hardanger frå å vera ei bakevje til å verta eit kryssingspunkt, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.

— Her inne ser vi det slik at brua er eit spørsmål om det framleis skal bu folk i distriktet vårt. Betre tilgang til omverda er heilt avgjerande for at vi skal eksistera vidare, seier Einar Lutro, tidlegare ordførar i Ullensvang. Tysdag tek han over for Magnar Lussand som styreleiar i Hardangerbrua AS.