HANS K. MJELVA

I eit notat viser dei til undersøkinger som er gjort av ei prøvegruppe: «Det er usikkert om gruppen som helhet har en livsforlengende effekt av stoffet, men 2 måneders effekt kan ikke utelukkes. Enkeltpasienter kan imidlertid ha en effekt av noe lenger varighet».

I notatet skriv legane at medisinen må kombinerast med cellegift i om lag tre månader. Det vil koste 400.000 kroner per pasient, og 80 millionar kroner om alle aktuelle pasientar i helseregion Vest skulle fått slik behandling.

«Til sammenligning er hele medikamentbudsjettet for Kreftavdelingen ved Haukeland Universitetssykehus på vel 30 millioner kroner», heiter det vidare i notatet.

Likevel peikar legane på at det ikkje er gode nok finansieringsordningar av slik medisin som er på utprøvingsstadiet. I dag må sjukehusa sjølve bære kostnadene med slik medisin.

Helge Audestad rettar då heller ikkje kritikken sin mot legane, slik tittelen i gårsdagens BT kunne tyde på. Hans poeng er at legane si faglege vurdering skal liggje til grunn for medisinbruken, og ikkje politisk skapte økonomiske rammer.

Han takkar òg alle som har støtta han i kampen for ein meir raus helsepolitikk.

Helge Audestad