35-åringen forklarte i retten at han kjente Hedda i rundt to månader før drapet, og at han hadde besøkte henne på hybelen fire-fem gonger.

Dei hadde avtalt å møtast på konserten på utestaden Meieriet i Sogndal, og var begge rusa på alkohol denne kvelden.

Da dei kom tilbake til folkehøgskulen drapsnatta, og at dei inne på skuleområdet traff to gutar som helste på Hedda.

— Hedda følgde med dei to i ti eller 20 minuttar, medan eg venta på henne. Eg var veldig opptatt av kva desse gutane hadde gjort med henne, sa Hashin, som forklarte seg via tolk i retten.

Ha forklarte at han fleire gonger bad henne fortelle kva som hadde skjedd med gutane, men ho sa at det ikkje hadde skjedd noko.

— Eg mista kontrollen, sa han.

— Kva følgjer fekk det, ville rettens administrator vite.

— Eg reiv av henne buksa, og ho var ikkje motvillig til det. Men eg var opptatt av kva som hadde skjedd med desse gutane, og var i dårleg humør også fordi ein annan afrikanar hadde hatt kontakt med henne tidlegare på kvelden. Det neste eg hugsar er at eg tok rundt halsen på henne.

— Kvifor drog du buksa av henne, ville dommaren vite.

— Eg ville finne ut om desse gutane hadde hatt sex med henne. Det var ikkje for å ha sex med henne sjølv, sa tiltalte.

— Eg var ikkje i stemning til noko slikt denne kvelden.

— Kvifor tok du henne rundt halsen, var este spørsmål frå dommaren.

— Fordi ho ikkje svara på spørsmåla mine, eg hadde ikkje noko ønske om at ho skulle dø.

— Kor lenge heldt du grepet?

— Eg veit ikkje. Eg har sagt fem minuttar til politiet, men eg veit ikkje om det var lenger eller kortare tid.

Etterpå prøvde Hashin på nytt å snakke til henne, utan å få svar. Først dagen etter forstod han at Hedda måtte vere død, forklarte han.

— Eg var forvirra like etterpå, sa han.

<b>I RETTEN:</b> Rettssaka etter Sogndal-drapet starta i Sogn tingrett mandag. Fra venstre: politiadvokat Knut Broberg, aktor Bjørn Kristian Soknes og forsvarar John Knapstad.
Øystein Torheim
DREPT: Hedda Karterudseter.
PRIVAT