— Dersom «Rocknes» hadde hatt dobbel botn, ville det truleg ikkje gått slik det gjekk, sa avdelingsdirektør Turid Stemre i Sjøfartsdirektoratet under pressekonferansen i går.

Etter det internasjonale regelverket skal lasteskip som «Rocknes» vere utstyrt med dobbel botn, «...i den grad det er praktisk og forenlig med skipets design og drift».

Akkurat dette holet i reglane vart utnytta då «Rocknes» vart godkjent av det tyske klasseselskapet Germanische Lloyd, utan dobbel botn heilt ut til skipssidene.

Granskarane kan ikkje sjå at dobbel botn ville skapt vanskar for design eller drift, men tør likevel ikkje å slå fast at regelverket vart brote.

— Men vi er ganske sikre på at ein slik båt ikkje ville vorte godkjent dersom han skulle segla under norsk flagg, seier avdelingsdirektør Per Magne Indreeide i Sjøfartsdirektoratet, som var med i granskingsgruppa.

Etter ulykka har Noreg, saman med Tyskland, sendt inn forslag til den internasjonale maritime organisasjonen, IMO, om at krava skal skjerpast. Målet er å gjere det vanskelegare å få godkjent båtar med enkel botn.

Noreg vil også foreslå nye reglar om godkjenning og bruk av lastekalkulatorar på lasteskip. Rekonstruksjonen av lastekalkulatoren på «Rocknes» viser at alle data ikkje kan ha vorte lagt inn som dei skulle under lasting på Eikefet. Blant anna er ikkje vekta på ballastvatnet registrert, trass i at båten må ha hatt noko ballast då den gjekk.