• Dette kan de ta med ro. Det vert inga nasjonal innsamling av vegpengar frå distrikta for å betala Bjørvika-tunnelen.

Det er Petter Løvik (H), leiar i samferdslekomiteen på Stortinget, som seier dette til Bergens Tidende.

— Så langt eg har innverknad, og litt har eg no, så skal bygginga av Bjørvika-tunnelen ikkje gå ut over sårt tiltrengt vegbygging i distrikta, lovar Petter Løvik, som representerer Møre og Romsdal.

Han meiner at Bjørvika-tunnelen heller får utsetjast, eller så må det finnast andre måtar å betala tunnelen.

Bjørvika-tunnelen skal vera ein lekk i E 18 gjennom Oslo, og han vert bygt for å få under jorda den enorme gjennomgangstrafikken mellom Oslo Sentralstasjon og fjorden. Tunnelen må leggjast gjennom tjukke lag med gjørme i hamnebassenget, og oppå det heile skal det nye operabygget reisast.

Også der har kostnadene for lengst eksplodert, frå 1,8 for eit år sidan til mellom 3,5 og 4 milliardar no.

— Eit offentleg-privat samarbeid om tunnelen kan vera ei løysing, men førebels er uvissa om kostnadene svært stor, seier Petter Løvik.