– Det er prisverdig at Tor Helge Valen reiser denne diskusjonen, eg trur han har rett. No må vi må spørja kva vi kan læra av ei sak som dette, seier rektoren ved Bergen Arkitektskole. Ho trur det er for seint å endra på dei vedtekne planane.

– Vi har for vane å sjå på byen som ferdig forma og er ikkje opne nok for nye mogelegheiter. Forslag om nye rom og nye koplingar blir ofte møtt med skepsis. Vi har for vane å vera meir fokuserte på bygningane enn på byromma rundt desse. Det bør kommunen spesielt ha i tankane no når konkurransen om Torget skal avgjerast, seier Skjulhaug.

– Det vil alltid bli gjort feil i bybygginga, det er viktig at vi lærer av desse feila, seier ho.

Alt i 2002 tok arkitekt Sondof Rabbe i Urban Rabbe Arkitekter AS til orde for at kontora til Gulating lagmannsrett burde byggjast langs Kaigaten og at Bergen burde få ein rådhusplass i enden av Rådhusgaten. Kontoret hans var eit av dei fire som leverte konkurranseforslag i tråd med dette og i strid med konkurransegrunnlaget som sa at det skulle byggjast tett inntil dei eksisterande bygningane.

I juryen som vurderte konkurransen i 2003 sat mellom andre Arnold Pedersen og Einar Skarsbø frå Statsbygg, kommunaldirektør Edel Eikeseth og arkitekt Stein Halvorsen.

– Er det kåra ein vinnar i ein arkitektkonkurranse, skal alle innretta seg etter det. Slik er hovudprinsippet, slår Kjersti Nerseth, president i Norske arkitekters landsforbund fast.

– Berre om det kjem fram heilt nye premissar og sider ved saka som først ikkje vart sett eller forstått, kan det vera rett å tenkja nytt, seier ho.