— Eg har inga anna forklaring enn at dette er prisen i Peugeot-systemet, seier Hybertsen til Bergens Tidende.

— Dette er kva reperasjonen kostar ut frå fabrikkens retningsliner for korleis dette skal gjerast. Vi må halde oss til fabrikkens spesifikasjonar.

Hybertsen fortel at hans selskap har alt som trengst av kompetanse og verktøy for å utføre service og reparasjonar på denne typen bilar. Men samtidig seier han at dei ikkje reparerer elektroniske komponentar, men skiftar ut heile delen etter fabrikkens retningsliner.

— Men er det ikkje påfallande at eit anna firma hevdar å kunne reparere denne bilen for ein firedel av prisen?

— Vår tekniske sjef har ikkje særleg tru på akkurat det. Og når vi skiftar ut heile komponenten, har kunden også ein garanti i to år, seier Hybertsen, som generelt er svært skeptisk til heile konseptet med elektriske bilar.

— Dette er ei slags forførande sak. Ingen ser på kva slike bilar kostar å eige over tid. Feil som oppstår etter at fabrikkens garanti er utløpt blir ikkje billige, seier han.

— Personleg ville eg aldri ha kjøpt ein elektrisk bil.

På dette punktet møter Hybertsen sterk motbør frå Øyvind Lund, leiaren av interesseorganisasjonen Norstart norsk elbil-forening.

— Elbil er eit utmerkt alternativ for mange, både økonomisk og miljømessig, meiner Lund.

— Det treng ikkje bli dyrt, men det er typisk at bilforhandlarar vil bytte heile system når det berre er ein liten komponent som er defekt.

Lund pendlar Drammensveien til jobb i Oslo, og seier han sparer mykje både på tid og pengar ved å bruke sin Think elbil.

— Eg unngår bompengar, kjører i kollektivfeltet forbi køen og har null utgifter til bensin og avgfter. Eg har vel brukt maksimalt sju-åtte tusen kroner i straum på dei 95.000 kilometrane elbilen min har gått.

Lund tilrår folk å vurdere elbil som alternativ, særleg i familiar med to bilar.

Rekkevidda er minimum seks-sju mil per lading, og ifølgje Lund vil neste generasjon elbil har enda mindre batterivekt og langt betre kapasitet.

Rundt 1100 elbilar rullar i dag på norske vegar.