— Ja, det vil vi. Og når vi ikkje fram med å klage, vil vi søkje dispensasjon. Slik det ser ut no vil Bogstunnelen vere nedbetalt i 2011. Eg reknar med at saka neppe vil vere ferdig i ESA-systemet før tunnelen er betalt ned, seier styreleiar for bompengeselskapet, Ingrid Heggø.

Stortingsrepresentanten frå Ap er heilt samd i at det bompengeselskapet legg opp til, er å trenere saka. Og ho legg heller ikkje fingrane mellom når ho skal seie kva ho syns om det som skjer.

— Det vil vere galskap om ESA kjenner denne ordninga ulovleg, seier Heggø.

For å ta inn bompengar på ferja, tek Fylkesbaatane nokre titusen i året. Dersom det må etablerast ein bomstasjon ved Bogstunnelen, vil årlege driftskostnader komme på mellom 3 og 3,5 millionar kroner. I tillegg kjem investeringar på kring ein million. Konsekvensen blir anten utvida nedbetalingstid eller høgare pris.

— Betaling via ferjebilletten er den desidert mest effektive måten å krevje inn bompengar på, seier Heggø.

— Men det er vel eit faktum at mange betalar bompengar som ikkje brukar tunnelen?

— 95 prosent av dei som tek ferja køyrer E39 og Bogstunnelen. I tillegg er det mogleg med omkøyring. Ferjesambandet Rysjedalsvika-Rutledal lenger ute i Sognefjorden er eit bompengefritt alternativ.

Norske styremakter har frist til 15. september med å komme med sitt syn. I slutten av same månad skal Heggø møte ESAs representant på saka, og håpar då å få overtalt kontrollorganet til å snu.