Det er undersøkingane på åstaden som gjer at politiet slår fast at brannen i bustadområdet starta inne i soveromsfløyen av huset. Dette er også den delen av bustadhuset som er mest utbrent. Vidare konstaterer politiet at det ikkje er funne spor etter brennbare væsker. Spesialtrena hundar har gjennomsøkt tomta etter slike væsker, utan å ha markert funn.

— Sjølve brannårsaka kan vi førebels likevel ikkje fastslå, seier stasjonssjef Nils Erik Eggen.

— Kan politiet seie noko om brannen var påsett eller ikkje?

— Så lenge vi ikkje har funne brannårsaka, kan vi ikkje det.

Naturleg brannårsak

Politiet stadfestar også opplysningane som kom fram i gårsdagens Bergens Tidende om at obduksjonen påviser kolosforgifting. Konklusjonen i den førebelse obduksjonsrapporten er at dette er dødsårsaka til 37 år gamle Irene Johansen og den ni år gamle sonen Markus. Det er ikkje funne teikn på ytre skader.

— Ein 41 år gammal mann er framleis sikta for mordbrann. Står siktinga ved lag?

— Det gjer den. Dette er noko vi vurderer fortløpande. Formelt sett er det Riksadvokaten som må ta stilling til om saka skal leggjast vekk, seier Eggen.

41-åringens advokat, Walter Høivik, kan ikkje heilt forstå kvifor politiet held oppe siktinga:

— At det tok til å brenne inne, betyr i praksis at min klient er utanfor mistanke. Huset var låst då brannvesenet kom til staden, og min klient har ikkje nøklar. Etter mitt syn er det berre ein konklusjon som kan trekkjast ut frå desse opplysningane: Brannen var ikkje påsett.

Må trekkje siktinga Til Bergens Tidende seier Høivik at han no ventar at politiet trekkjer tilbake den alvorlege siktinga snarast råd.

— Eg trur også det kjem til å skje i nær framtid. Vi stressar ikkje dette. Men dersom det skulle vise seg å dra ut i tid før siktinga blir trekt, kan det vere aktuelt å vurdere rettslege steg for å få det gjort, seier advokaten.

Arbeidet på brannstaden i bustadområdet er no på det næraste ferdig. Åstadgranskarane frå Kripos hadde i går fjerna presenningane dei har spent opp over det utbrende huset, og dreiv delvis å pakka saman.

— Ein del arbeid står att, men vi reknar med at arbeidet på branntomta vil vere ferdig i føremiddag, seier Nils Erik Eggen.

Vitneavhøyr går framleis føre seg, men rundspørjinga i nabolaget er i ferd med å bli avslutta. Store mengder foto- og videomateriale er henta, men mesteparten av det er ikkje gjennomgått. Politiet har også til ein viss grad henta inn trafikkdata frå mobiltelefonbruken i Florø natta då det brann, men heller ikkje denne er gjennomgått.

Finne årsaka Politiet vedgår at opplysningane som kom fram i går ikkje styrkjer mistanken mot 41-åringen. Etterforskinga blir no trappa ned, men likevel er det eit omfattande arbeid som står att.

— Store mengder materiale frå åstaden skal analyserast i laboratorium for å prøve og finne brannårsaka, seier politistasjonssjefen.

— Kunne politiet gjort noko annleis i denne saka, Eggen?

— Vi ser at det er lett å kritisere oss. Men vi hadde berre to alternativ sist fredag. Avgjerda vi tok var basert på grundige vurderinga. Eg meiner at den var korrekt der og då.

ØYSTEIN TORHEIM