ØRJAN HATTEBERG

Sosionomanes fagforbund reagerer på at politiattesten på utdanninga ikkje fangar opp drap og grove valdsbrotverk. No vil dei ta opp dette med styresmaktene.

— Det er eit tankekors at ein ikkje spør etter drap og grove valdsbrotverk på politiattesten. Denne saka avdekkjer eit stort dilemma. Vi må no ta dette opp til diskusjon med styresmaktene. Eg ser ingen grunn til at andre utdanningar skal ha politiattest om valdsbrotsverk og ikkje sosionomar, meiner Jorunn Vindegg, seksjonsleiar for sosionomane i Fellesorganisasjonen for barnevernpedagoger, sosionomer og vernepleiere.

I dag er det ikkje anna kontroll ved tilsetjing av sosionomar enn det som kvar enkelt arbeidsgjevar sjølv sjekkar.

Jorunn Vindegg er overraska over at ein drapsdømt person har kome inn på sosionomutdanninga i Sogndal.

— Det å jobba med born med ein slik bakgrunn er høgst tvilsamt. Sosionomar har eit yrke som krev høg grad av integritet. Det krev at folk har rullebladet i orden. Det bør vera ordningar som stoppar dei som ein er usikre på om vil fungera i jobben, seier Vindegg.

Ho poengterer likevel at ei sosionomutdanning kan brukast til arbeidsoppgåver som ikkje krev direkte kontakt med klientar. Ho meiner at det i desse stillingane kan det vera lausare krav.