• Det er klart at eg skulle ha sagt ifrå heilt frå starten, så hadde eg unngått alt dette. Men eg fekk meg ikkje til å stå fram og seie korleis det hang saman. Det balla på seg, vart ein vond sirkel.

Dette fortel mannen som i fjor vart avsløra som falsk politijurist. No ventar rettssaka der han må svare for det omfattande bedrageriet.

Ei lita nødløgn

Det byrja med ei lita usanning etter avslutta vidaregåande skule. Han strauk i eitt fag, og oppnådde såleis ikke godkjent eksamen artium. Dette heldt han skjult for alle, inkludert foreldra og øvrig omgangskrets. Etter kvart som jusstudiet skreid fram, vart fallhøgda berre større og større. Og sjokket blant familie og vener desto større når avsløringa kom.

I over ti år bar 30-åringen altså på sin eigen triste løyndom: Utad var han den vellukka og ressurssterke jusstudenten som trossa sitt fysiske handicap, men sjølv visste han inst inne at glansbiletet var bygd på ei løgn.

No er han budd på å ta oppgjeret som kjem i retten, og ønskjer framfor alt ikkje å bli framstillt som ein tåredryppande og stakkarsleg figur. Han vil ikkje seie så mykje om seg sjølv, bortsett frå at dei fleste skjønar at det ligg angst og depresjonar bak ei slik historie.

Følte rett til pengane

— Undervegs var det slik at eg faktisk følte at eg hadde rett på desse pengane, for eg gjekk jo på lesesalen og følgde forelesingane utover i studiet. Eg deltok på festar og elles i det sosiale studentlivet, fortel han.

Etter endt studium aktorerte 30-åringen tre straffesaker som politijurist før han vart avslørt. At han faktisk har studert jus kom tydeleg fram i rettssalen, for han utførte jobben på ein måte som gav korkje dommar eller motpart noko som helst å setje fingeren på.

Han innser klart sitt eige ansvar for det som skjedde, men er også bitter på Aetat.

— Aetat hadde både rett og plikt til å krevje dokumentasjon undervegs, både på at eg hadde studiekompetanse og at eg tok dei deleksamenane eg skulle, seier han. - Hadde dei gjort det, ville ikkje dette ha skjedd, seier 30-åringen.

Straffesaka er beramma for Sunnfjord Tingrett til hausten. Som forsvarar stiller han med advokat Harald Stabell.